Hopp til innhold

16-åring køyrde bil ut i fjorden

Ein 16 år gamal mann er i god behald etter at bilen han køyrde hamna i fjorden mellom Utvik og Innvik i Stryn søndag kveld. Lenge frykta politiet det hadde gått verre.

Trafikkuhell i Stryn.

STORAKSJON: Politi, ambulanse og brannvern rykte ut etter melding om bil i fjorden mellom Utvik og Innvik.

Foto: Arne Vik

Det var eit stort hol i autovernet og spor på vegen som førde til full utrykking. Ifølgje politiet såg ingen sjølve utforkøyringa. Når brannvesenet kom til staden observerte dei ein bil i sjøen.

– Ein mann er funnen i god behald og det var ingen andre personar i bilen, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Var heime for å skifte klede

Eit Sea King redningshelikopter, politi, ambulanse, brannvesen, redningsdykkarar og Røde Kors rykte ut til staden.

Ved 22.15-tida opplyste Hovudredningssentralen at det vert sett inn båtar og gjort klart til strandsøk.

Då redningsmannskapa kom fram dukka føraren av bilen opp på staden. Han fortalte at han sjølv hadde kom seg på land, sprunge heim og skifta til tørre klede.

Hadde ikkje førarkort

Guten som var 16 år hadde følgjeleg ikkje førarkort. Han var åleine i bilen då ulykka skjedde.

Årsaka til ulukka er ikkje kjend, det er ikkje mistanke om promillekøyring.

Frå Førde Sentralsjukehus vert det opplyst at gutren er lettare skadd.