Hopp til innhold

Snøskred feia over Gjesdalsstøylen

Eit mellom 50 og 100 meter breitt snøskred har feia med seg nær 100 år gamle sel og fjøs i Gjesdalsdalen i Jølster.

Snøskred i Gjesdalsdalen

NÆRME: Ytterkantane på snøskredet la seg heilt inntil stølskvia på Gjesdalsstøylen.

Foto: Anne Cecilie Kapstad

Skredet starta på toppen av fjellet og feia med seg nokre av dei øvste og eldste bygningane på si ville ferd. Eit sel og ein fjøs som har stått der i nær 100 år er knust til pinneved av dei veldige naturkreftene.

Gjesdalsdalen er eit mykje nytta turområde for lokalbefolkninga.

Snøskred på Gjesdalsstøylen.

TATT: Restar av eine selet som vart teke av skredet.

Foto: Anne Cecilie Kapstad

- Det er heilt utruleg. Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg kom rundt «Storehåjen» og kva som hadde skjedd. Bygningane var knust, fortel ein turgåar om synet som møtte han førre søndag.

Vart skåna

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med eigarane av dei to sela og fjøset. Skredet stogga i front av seltuftene, der dei fleste bygningane på Gjesdalsstøylen står i klynge.

Desse vart skåna for naturkreftene.

- Skredet stogga heilt inntil nokre av bygningane på kvia, seier turgåaren.

- Det hadde ikkje retning rett mot stølskvia, men hadde det kome i større fart, så hadde det nok feia over der også. Eg har aldri høyrt snakk om at det har gått snøskred der før, fortel Silja Juklestad.

Fleire snøskred

Familien til Juklestad har eit sel ståande på stølskvia. Ho var laurdag inne for å sjå at alt stod bra til. Det er uvisst når skredet gjekk.

- Vi visste det stod faretruande til då vi høyrde om skredet. Heldigvis stod alt bra til, seier ho.

- Vi kallar det eit 200 års-skred. Det gjekk eit jord og steinras der for 100 år sidan, men eg kjenner ikkje til at det har gått snøskred. Det starta breitt på toppen av stølsfjellet og samla seg nedover elvelaupet. Eg har aldri tenkt at det kunne gå snøskred der, fortel turgåaren.

- Bør vere varsam

Snøskred på Gjesdalsstøylen.

STARTA HØGT: Det øvste av bygningane som vart teke av skredet, stod kring 80 meter frå resten av stølskvia på Gjesdalsstøylen.

Foto: Anne Cecilie Kapstad

- Det har også gått eit snøskred lenger inne i dalen mot Gjesdalsvatnet. Det har gått skred her inne før, men ikkje så store. Det har starta på Søstestølsfjellet, gått over elva og heilt opp til stien, legg han til.

Fleire NRK har snakka med meiner skredet bør sjåast på som ei åtvaring om at det kan gå skred mange utenkelege stadar.

- Ein bør nok tenkje seg om dersom ein ferdast i bratt terreng. Det er mykje snø, og så har det vore ein del vind i det siste slik at det har bygd seg opp skavlar. Ein bør nok vere klar over at ein kan løyse ut snøskred sjølv også, seier turgåaren.

- Eg ville i alle fall ikkje ha ferdast i området der no, seier ein annan NRK har snakka med.