Hopp til innhold

Kjenner du att denne tispa?

- Ut frå tilstanden til hunden, så har den nok stått der ei god stund, seier Rune Hovland om kvelpetispa som han i dag fekk i hus.

Hund som stod fast ved Naddvik.

VIL HEIM: Etter fleire dagar på rømmen ynskjer nok denne tispa kontakt med eigarane sine.

Foto: Rune Hovland

Folk trudde hunden var bunden fast, men då Rune Hovland kom bort til den, viste det seg at hundebandet hadde kilt seg mellom to steinar.

- Eg trur det er kan vere ein blanding mellom retriever og border collie. Den er kanskje sju-åtte månadar gamal. Det er sikkert ein som har stukke av heimafrå, seier Hovland.

Redd og forkomen

Han og kona fekk nyss om tispa av nokre som hadde vore på fisketur på Årøyni, kring to kilometer frå Naddvik i retning Årdalstangen. Der såg dei kvelpen som virka både forkomen og redd.

Då dei slengde nokre pølser til den, tok den hjarteleg imot. Men hunden våga dei ikkje å ta laus.

- Dei ringde kone mi som er med i dyrevernslaget. Eg var på vedhogst i nærleiken, så eg gjekk ned og tok den heim. No har den fått både vatn og mat. Den virkar snill og tillitsfull, seier han.

- Kjenner du den?

Hovland har snakka med politiet, som stadfestar at ingen har meldt den sakna. Han vonar at dei som kjenner den att, tek kontakt anten med han eller politiet. I nærleiken av der hunden vart funnen, er det også ein rasteplass.

- Vi har både katt og hund her frå før, så dei vil nok ikkje gå så veldig lett i lag, seier han.

Hunden er svart, med grå snute og labbar. Den har også ein grå flekk på halen, og eit kvitt felt på halsen. Halsbandet er svart og av lær.

- Der står det ikkje noko informasjon, seier Hovland.