Hopp til innhold

Fryktar dyretragedie i Sogn

Ein kald vinter med mykje snø kan i verste fall føre til at så mykje som 80 prosent av hjortekalvane i Indre Sogn kan stryke med, det meiner fagfolk.

Jomar Haukås viser fram hjortekadaver

KADAVER: Jomar Haukås har i vinter funne mange daude hjortar på eigedomen sin.

Foto: Steinar Lote / NRK

- Det kan i tilfelle vere snakk om tusenvis av dyr, seier Jomar Haukås til Sogn Avis onsdag.

Fryktar dyretragedie

Fôring av dyra kan vere det einaste som kan hindre ein dyretragedie i skogane i Sogn, skriv Sogn Avis vidare.

Haukås er ein røynd jeger med mange år erfaring frå hjorteforvaltning. I vinter har han funne fleire ihelfrosne dyr på garden sin på Kaupanger .

- Eg ser det sjølv at dyr samlar seg i flokkar og døyr ein etter ein på grunn av mangel på mat. Dei indre organa klappar til slutt saman, seier Haukås til Sogn Avis.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hjorten gneg bork av trea

BORK: Hjorten har gnege mykje på trea i vinter for å få i seg næring.

Foto: Steinar Lote / NRK

Haukås fryktar det berre vil bli verre og meiner ein heil generasjon av hjortekalvar vil stryke med om noko ikkje vert gjort.

- Det vil alltid vere kalvar som døyr om vinteren. Men den naturlege seleksjonen vart vi ferdige med for ein månad sidan. No kjem det til å døy friske dyr fordi dei ikkje finn mat. Både kalvar og vaksne dyr. Matfatet er stengd på grunn av snø og frost heilt ned til fjorden, forklarar Haukås til avisa.

Meiner fôring må til

Fôring av hjort er eit omstridd tema. Mange er skeptiske, men Haukås meiner no dette må til for å berge ein god del av dyra. Eit alternativ er å hogge ned tre.

- Kvar går grensa for det etiske her? Skal vi la dyra svelte i hel, eller skal vi kaste ut rundballar eller skjere ned tre, seier Haukås til Sogn Avis.

Og Haukås får støtte frå både pensjonert veterinær Olav Hermansen og Steinar Joar Hegland ved Norsk Hjortesenter på Svanøy. Begge meiner det er greitt å gje hjorten mat når veret er ekstremt.

- Men då er det viktig at fôringa held fram heilt til våren når groen kjem att, seier Hegland.

Haukås på si side meiner kommunen på kome på bana i saka og viser til at Sogndal kommune har fleire hundre tusen kroner i viltfondet.

- Skal dei ikkje bruka av dei i år, så skjønar eg ikkje når dei skal bruke dei, seier Haukås.

Jomar Haukås med ihelfrosen hjort

HJORT: Jomar Haukås har funne fleire ihelfrosne hjortar på eigedomen sin i vinter. Han fryktar ein dyretragedie.

Foto: Jan Egil Fimreite/Sogn Avis