Hopp til innhold

Førebyggjer mobbing med massasje

Høyanger skule går nye vegar for å hindre mobbing.

Video Skulemassasje

SJÅ: Kan kroppskontakt hindra mobbing og konfliktar i klasserommet? Ja, meiner barnepsykolog Magne Raundalen.

Til klassiske tonar frå Ole Bull går elevane i klasse 4A ved skulen til verks på kvarandre. Fysisk, men velmeinande.

Med lette tak masserer dei kvarandre - for å førebyggje mobbing.

- Det er godt å få massasje, og moro å gje, seier Andrine Høyvik.

På timeplanen

- Vi stoppar vald og mobbing med det, legg Jonas Randal til.

Det er lærar Ingrid Stensland som har introdusert elevane ved skulen for massasje. Mellom anna som verkemiddel for å motverke mobbing. Ho gjer det i alle klassane sine. Ti minuttar to gonger for veka.

- For ungane her, så er det på linje med å ha norsk, engelsk og matte. Det står på timeplanen og vi gjer det regelmessig. Vanlegvis i første time dei dagane vi har det, fortel ho.

- Har effekt

Media har den siste tida sett søkelys på tema mobbing. Det blir diskutert måtar å metodar for å førebyggje og hindre mobbing, og augo blir fort retta mot skulen.

I Høyanger har årets fjerdeklassingar drive med massasje sidan dei starta på skulen. Stensland meiner det har effekt.

- Det er lite knuffing mellom elevane. Det er eit veldig inkluderande miljø, dei får vere den dei er - det er ingen som er redde for å dumme seg ut, innsatsen og konsentrasjonen er veldig bra og dei er snille med kvarandre, seier ho.

Nyttig og godt tiltak

Også rektor ved skulen, Solveig Barstad Sande, trur massasjen er eit nyttig og godt tiltak.

- Alle skular har konfliktar og mobbing, men vi føler det er svært lite alvorlege konfliktar på skulen vår. Det er vel å dra det for langt å seie det har direkte samanheng med massasjen, men eg trur det er ein av mange ting som vi har god effekt av, seier ho og håpar elevane får halde på med massasjen inn i ungdomsskulen.