Hopp til innhold

Stort ras gjekk rett over E39

Daniel Nordstrand (27) var berre sekund i frå å bli teken av det store snøskredet som torsdag føremiddag dundra rett over E39.

Daniel Nordstrand

HADDE FLAKS: Hadde Daniel Nordstrand komme nokre sekund tidlegare, hadde han hamna midt i det store skredet som feia over E39.

Foto: Ole Henrik Vigedal

Kø etter ras i Våtedalen

KØ: Det danna seg raskt køar i begge retningar.

Foto: Tor Erik Hoddevik
Snømengdene i Våtedalen

MYKJE SNØ: Raset er på høgde med ein lastebil, og skal vere mellom 50 og 100 meter breitt.

Foto: Tor Erik Hoddevik
Ras over E39 i Våtedalen

SPERRAR VEGEN: Dette raset i Våtedalen mellom Byrkjelo og Skei sperra E39 fullstendig torsdag føremiddag.

Foto: Tor Erik Hoddevik
Våtedalen stengd etter snøskredet

STENGDE VEGEN: E39 vart stengd etter raset. Dette skiltet stod på Skei i Jølster.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Eg vart litt sjokkert då eg såg at vegen var dekt av ras. Eg måtte bråbremse, seier Nordstrand.

- Det var berre sekund om å gjere. Det kom ned store steiner også, men dei stoppa lenger opp i fjellet, seier 27-åringen.

Han køyrer vogntog for Nistad transport, og skulle til meieriet på Byrkjelo for å laste opp mjølk. Turen fekk ein bråstopp i Våtedalen, midt mellom Byrkjelo og Skei i Sogn og Fjordane.

På høgde med lastebil

Litt etter klokka 09.30 gjekk gjekk det eit større snøskred, som dundra over E39 og sperra vegen fullstendig for trafikk.

- Raset har gått rett over vegen, og må vere om lag 100 meter breitt, seier Tor Erik Hoddevik.

Han kom på staden rett etter at raset hadde gått, og kan fortelje at snømengdene på det meste er på høgde med ein lastebil.

Truleg ingen tekne

- Det kunne fort ha blitt bilar gravlagde her. Men raset må nett ha komme, for vi møtte brøytebilen rett før raset - og han gav ikkje noko signal om at noko hadde skjedd, seier Geir Ståle Vatnamo som også kom på staden rett etter at skredet hadde gått.

Det var normalt stor trafikk på staden då raset gjekk, men ifølgje Vegtrafikksentralen skal ingen bilar ha blitt tekne av snømengdene.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.