Hopp til innhold

Sognekvinne evakuert frå Libanon

Jenny Rømo frå Sogndal er no komen på ein båt som skal til Kypros.

Bergensstudentar i Libanon
Foto: privat

Ho har sete innesperra i ein flyktningleir i Libanon sidan førre veke. Rømo er dermed ein av dei siste norske til å kome seg ut av landet. Ho seier sjølv at ho er sliten og letta.

- Heldigvis har vi komme med på båten, så no er vi svært letta, seier ho.

-  Vanskelege dagar

Israelsk angrep på Tyr
Foto: Hassan Ammar / Scanpix/AFP

 I natt har dei Rømo og tre andre norske jenter sove på stranda i kvar si solseng, ved eit hotell utanfor Tyr som no er blitt base for FN-observatørar. Rømo seier at det har vore vanskelege dagar. 

- I krig er det så mykje som skjer og som vi ikkje har kontroll over. Det er Israel som bestemmer om båten får gå eller ikkje, seier ho. 

Kaotisk

Fire norske jenter kom med i same FN-konvoien. No er ho ombord i ein båt, og ventar på at Israel skal gi klarsignal til å la dei forlate hamna. Rømo håpar dei 10 resterande nordmennene når båten.

- Folk byrjar å bli desperate, for alle vil vekk. Vi har sove dårleg og det er mykje bråk. Når folk er pressa, blir det lett kaotisk, seier ho.

- Gjort det dei kan

Ho seier at dei reiste etter at dei fekk beskjed av Utanriksdepartementet. No skal nytte den åtte timar lange turen til å kvile. Ho veit ikkje kva ho skal gjere når ho er framme, men ønskjer å ta seg heim til Norge så fort som mogleg. Ho meiner UD har gjort alt dei kan.