Lær deg skiteknikk med NRK

INSTRUKTØR: Asgeir Årdal lærer deg korleis du skal gå på ski.
Foto: Heidi Lise Bakke/NRKSjå korleis du kan forbetre teknikken din i langrenn: Tidlegare verdscupløpar Asgeir Årdal viser deg sine beste triks!
Publisert 08.02.2011 15:17.
- Kommentarer
- Skriv ut
– Folk har forbetringspotensiale på ski, meiner Asgeir Årdal.
Han er ein aktiv skiløpar, og har han starta eige kurs i Sogn og Fjordane - rett og slett for å lære folk flest god teknikk.
Har ofte lyst til å seie ifrå...
– Når eg går på Langeland og trenar, har eg ofte lyst til å seie ifrå til folk som kan forbetre teknikken sin, seier Årdal.
Den tidlegare toppidrettsutøvaren jobbar i dag som sportssjournalist i Firda, men har også ei fortid som lærar på idrettsfag i Sogndal. Han tykkjer det er moro å lære frå seg.
Han har satsa mest på sprint, og har topp ti-resultat frå NM som beste prestasjon. I tillegg har han gått Birkebeinerrennet på 2.50.
Du kan klikke deg inn og sjå kvar enkelt teknikk her:
KLASSISK:
Diagonalgang er den vanlegaste måten å gå på ski klassisk. Det er viktig med tyngdeoverføring, og gli på skia.
Sjå demonstrasjon av diagonalgang
Dobbelttak med fraspark er fint å bruke der det er flatt eller lett terreng. Vanlege turløparar slit ofte med denne teknikken. Stavane og frasparket må vere på same tid.
Sjå demonstrasjon av dobbelttak med fråspark
Dobbelttak eller staking er teknikken du brukar i flatt eller nedover. Den vanlegaste feilen er at folk bøyer knea for mykje.
Sjå demonstrasjon av dobbelttak
SKØYTING:
Padling blir brukt i bratte motbakkar. Da er det viktig å henge på staven. Hugs at i skøyting må ein ha lange stavar. Dei skal gå over skuldra og rekke nesten til nesen.
Sjå demonstrasjon av padling
Enkeldans er den teknikken du brukar i lette parti og slakt nedover. Dess høgare fart, dess meir brukar ein enkeldans.
Sjå demonstrasjon av enkeldans
Dobbeldans er fint å bruke i slake oppoverbakkar før ein går over til padling. Her er det viktig å få tyngda heilt over skia.
Sjå nett-TV frå skikurs på Langeland:
Sjå video frå skikurs på Langeland i Gaular
Du finn meir informasjon om Årdal sine kurs på skitime.no.

















Sol og sommar i fylket