Hopp til innhold

To brettkøyrarar tekne av ras

Ein tysk mann i 30-åra er redda ut i live etter tre timar i eit snøskred i Aurlandsdalen. Ein stor luftlomme berga livet hans.

Ambulanse på Østerbø

TIL HAUKELAND: Mannen som låg tre timar i raset, blir køyrd med ambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Arve Uglum / NRK

Bergingsmannskap på turisthytta på Østerbø

Bergingmannskap på Østerbø studerer kart over området der han vart funnen.

Foto: Arve Uglum / NRK
Leiteaksjon ved Østerbø

STOR LEITEAKSJON: Alt tilgjengeleg mannskap vart kalla ut for å leite etter den sakna mannen.

Foto: Arve Uglum / NRK
Debrifing på Østerbø turisthytte

DEBRIFING: Mannskapet på Østerbø turisthytte.

Foto: Arve Uglum / NRK

Det var to brettkøyrarar som i ettermiddag vart tekne av eit skred i nærleiken av Østerbø i Aurland.

Ringde sjølv

Politiet fekk melding klokka 15.30, og det var den eine mannen som sjølv ringde.

Han var nesten heilt begravd av snø og kom seg ikkje laus. Kvart på fem kom hjelpemannskap fram og fekk gravd han fram. Mannen i byrjinga av 30-åra var bevisst, men skal vere lettare skadd.

Funnen etter tre timar i raset

Store leitemannskap vart kalla ut for å søkje etter turkameraten i skredet. Klokka halv sju fekk politiet melding om at også han var funnen. Han vart funnen av ein hund og omlag ein meter under snøen.

Tyskaren var sterkt nedkjølt, men han var bevisst og kunne gå ved eiga hjelp då han vart gravd laust. Han er no send med ambulanse til Haukeland universitetssjukehus.

Redda av luftlomme

Skadestadsleiar Stein Helge Selland seier at tyskaren har vore svært heldig.

Grunnen til at han har overlevd er at han har fått dekke bak ein stein og dermed fått stor nok luftlomme. Dette har gjort til at han har overlevd. Utan luftlomme vil personar som er tekne av ras døy etter 15 minutt på grunn av CO2-forgifting.

Dei to mennene hadde ikkje sende- og mottakarutstyr med seg. Selland seier at hjelpemannskapet har lagt ned ein utruleg innsats i dag.

– Dei har vore over 40 personar som har vore med på leitinga.

To brettkøyrarar

I følgje politiet var det to snowboard-køyrarar som er tekne. Leiteforholda har vore svært vanskelege på grunn av tett snøver.

– Det vart mørkt og det gjorde leitinga vanskeleg. Terrenget er bratt og snøen er tung og våt. Det har stort sett vore umogleg å bruke scooter, seier pressetalsmann i politiet, Nils Erik Eggen, til NRK.

Rasområdet ligg omlag 800 meter nordvest for turisthytta. Raset er omlag 30 meter breitt og fleire hundre meter langt.

Ikkje mogleg å fly

Sivilforsvaret gjer seg klare

GJER SEG KLARE: Sivililforsvaret gjer seg klare til å reise opp på fjellet.

Foto: Arne Veum

På grunn av det dårlege veret måtte Sea King-helikopter frå Sola og luftambulansen frå Ål snu. Luftambulansen frå Førde står no verfast på Østerbø.

– Veret har forverra seg og det er ikkje mogleg å flyge no, seier Nils Erik Eggen.

Kalla ut alt av mannskap

Alt tilgjengeleg mannskap vart kalla ut, mellom anna redningshelikopter, politi, Sivilforsvaret, Norsk Folkehjelp, Røde Kors og Norske Redningshunder deltok i redningsaksjonen.

Også politiet rosar innsatsen til alle som var med leitinga under vanskeleg forhold. Mellom anna meldte to kjentmenn med snøscooter seg tidleg. Dei fekk gravd ut det første rasofferet.

– Vi vil også peike på at nok ein gong viser ein redningshund seg som ein heilt avgjerande ressurs, seier Eggen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.