Dette steinraset stengjer E39

STENGT: E39 ved Loteberget i Eid kan bli stengt lenge.
Foto: Asgeir Reksnes/NRKFylkets mest trafikkerte veg kan bli stengt over helga.
Publisert 03.02.2011 10:56.
- Kommentarer
- Skriv ut
I går gjekk det eit steinras under anleggsarbeid på E39 ved Loteberget i Eid. Alle arbeidarane kom seg i sikkerheit, og alle slapp unna utan skader.
Tidlegare har det vore meldt at vegen kan bli opna fredag ettermiddag, men no kan vegen bli stengt over helga.
- LES OGSÅ: Rasfare stengjer ferjesamband
Veit ikkje når vegen vil opne
– Det er heilt umogeleg å seie tid vegen vil opne igjen. Men vi kan risikere at vegen ikkje vil opne igjen før helga, seier prosjektleiar Per Kristian Sønsthagen i Statens vegvesen.
Ferjekaia på Lote er stengt, og Fjord1 har sett opp kriserute mellom Anda og Stårheim. Det er omkøyring over Utvikfjellet. Der fryktar vegvesenet kaos på grunna dårleg vêr.
Sønsthagen seier ein geolog skal vurdere staden fredag.
- LES OGSÅ: Fryktar kaos på Utvikfjellet
Skal sprenge vekk stein
Entreprenøren har arbeidd med å byggje ein forsvarleg bygningsveg i heile natt. I dag skal det sprengast ned meir stein frå fjellet på Loteberget.
– Det er ein krevjande stad å arbeide. Vi har sprengt mykje, men fjellet blir berre dårlegare og dårlegare jo lenger inn i fjellet vi kjem, seier Sønsthagen.

















Sol og sommar i fylket