Hopp til innhold

Vogntog på glatta med to kjettingar

Ein tsjekkisk vogntogsjåfør «står i arrest» i Vang. På to dagar trengde han hjelp frå Viking, men så langt har han ikkje gjort opp for seg.

Tsjekkar i nye problem.

I ARREST: Vogntoget fekk problem på riksveg 53 mellom Årdal og Tyin. No står han i arrest.

Foto: Stian Sellevoll Hestad

På norske vintervegar fekk semitraileren onsdag store problem på oppstiginga mellom Årdal og Tyin. Den sperra for andre store køyrety og trengde hjelp frå bilbergingsselskapet Viking.

Då det viste seg at det var tale om ein «gamal kjenning», og at han berre hadde to rustne kjettingar med seg, vart politiet kalla til staden.

- Av dei to kjettingane var den eine øydelagd, opplyser politiet sin operasjonsleiar i Florø.

Gjorde ikkje opp

Føraren vart teken med til lensmannskontoret i Årdal, der det vart oppretta politisak på forholdet. Han godtok ei bot på 8 000 kroner. Vegen var opna for fri ferdsel klokka 15.

Etter det NRK kjenner til reiste tsjekkaren frå Aurland utan å gjere opp for bilberginga tysdag. No kjem han ingen veg før begge rekningane er betalte.

- Han får ikkje køyre vidare før han får stilt garanti for bilen, og sju nye kjettingar, får NRK opplyst hos politiet.