Hopp til innhold

Omstridd smie på flyttefot i Vik

I dag vart den omstridde smia i Vik løfta av grunnen. No skal den plasserast i hagen til eigar Ingebjørg Skjerven.

Smia måtte vike for Sognekraft sine utvidingsplaner i Vik.

Ein kran løfta i dag den sjeldant godt bevarte bygningen frå sin trygge grunn til ein lastebil som køyrde den til den nye tomta. Og dermed redda den frå å bli jamna med jorda .

- Eg er veldig glad for at Riksantikvaren kom inn og redda den. Om ikkje, ville den blitt sletta, seier eigar Ingebjørg Skjerven.

Sjeldan kombinasjon

Bygningen på halvannan etasje er frå byrjinga av 1900-talet. Den inneheld smie, bustadhus og sauefjøs.

Det siste halvanna året har det vore knytt kraftig usemje kring smia. Sognekraft treng nye parkeringsplassar, men Skjerven ville ikkje rive smia. Etterkvart kom riksantikvaren på bana og løyvde 700 000 kroner til flyttinga av smia .

- Den sjeldne kombinasjonen fortel oss om ei spanande historie om ei tid med trange kår, som kan vere vanskeleg å førestille seg for oss i dag, skriv Riksantikvaren på nettsidene sine.

Kulturminne er vekke

Nedre Jølster bilelag stod for flyttinga som vart leia av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Skjerven seier ho er glad for at dei fekk ei løysing som ville bevare smia.

- Eg ynskte at den skulle stå der den var bygd, for det var ikkje tilfeldig at den vart bygd ved riksvegen. Hadde den blitt ståande der, så ville den stått i sitt rette miljø. I dag er det vekke eit gamalt kulturminne for bygda. No er den komen i ein privat hage, seier ho.