Hopp til innhold

Frøysedal med seniorrekord

Inger Anne Frøysedal frå Stryn er i form om dagen og sette laurdag ny norsk seniorrekord i tresteg.

Inger Anne Frøysedal

NY REKORD: Laurdag sletta Inger Anne Frøysedal ein over ti år gamal seniorrekord i tresteg. (Arkivbilete)

Foto: Rune Fossum / NRK

Det var under den opne konkurransen Palasspelen i Malmø at junioren klinte til i sistehoppet med eit resultat på 13.57.

Med det sletta Frøysedal den gamle innandørsrekorden, som er på 13.51 frå 1999.

- Ho er veldig nøgd, seier mamma Liv Frøysedal til NRK.

Førre helg sette strynejenta ny norsk rekord for U23, då med eit lengstesprang på 13,42.

Med den sterke innsatsen tyder det meste på at Frøysedal som representerer Oslo-klubben Tjalve får vere med på Nordisk meisterskap i Finland neste helg.

- Eg trur ho kan ha meir inne, seier Liv Frøysedal.