Hopp til innhold

Flyg framleis utan nattbrillene

Luftambulansen i Førde kan måtte avlyse oppdrag også i månaden som kjem fordi dei ikkje får bruke viktig utstyr.

Nattbriller

FORBODE: Norsk Luftambulanse i Førde må klare seg endå ein månad utan dei viktige nattbrillene.

Foto: Norsk Luftambulanse

Sidan april i fjor har helikoptera til Norsk Luftambulanse måtte klare seg utan nattbriller. Dette fordi godkjenninga vart trekt tilbake og måtte bli fornya.

Ni månadar seinare er brillene framleis ikkje lov å bruke.

Må avlyse oppdrag

Nattbrillene kan vere eit livreddane verkty for mannskapet om bord i luftambulansane. Dei gjer oppdraga i mørket både enklare og tryggare.

I løpet av hausten måtte luftambulansen i Førde avlyse opp mot 20 oppdrag fordi dei ikkje får bruke nattbrillene. Det kan ha gått ut over liv og helse.

- Kjem vi ikkje fram med helikopter til eit akuttoppdrag og det blir ein lang køyretur i bil, så kan det få konsekvensar for liv og helse, sa sjefsflygar på basen i Førde, Bent Næss til NRK.no i desember.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lighter sett gjennom nattbriller

VIKTIG: Med nattbrillene kan mannskapet om bord i luftambulansen sjå lys langt vekke.

Foto: Ole Petter Klepp / NRK

- Innan april

Førebels er det berre Norsk Luftambulanse sin base på Dombås som har fått ny godkjenning til å bruke nattbrillene. Basen i Førde vert prioritert fordi det er mykje fjell og fjord i området der helikopteret flyg.

Men det kan bli fleire avlyste oppdrag i vekene framover.

- Vi håpar at nattbrillene er godkjente før april, seier kommunikasjonsrådgjevar Siv Tonje Solfjell i Norsk Luftambulanse.

Ho viser til at slike prosessar i luftfart tek lang tid, men at ting er i ferd med å ordne seg.

- Vi ventar på nokre delar som vi truleg har i løpet av to veker. Deretter går det ytterlegare to til tre veker før dette er på plass, inkludert papirarbeidet for å få brillene godkjent, seier Solfjell til NRK.