Sogndal ute av cupen
Sogndal tapte 1-2 mot Follo etter ekstraomgangar. Follo ligg på nest siste plass i førstedivisjon.
Publisert 19.07.2006 20:53.
- Skriv ut
Sogndal gjekk opp til 1-0 leiing etter ei heading av Håvard Flo etter 48 minutt. Rett før fulltid utlikna Kjetil Nilsen.
Det var i slutten av første ekstraomgang at Stian Birkeland sette inn det avgjerande målet. Sogndal greidde ikkje å kome tilbake etter at Follo gjekk opp i leiinga. Dei er no ute av cupen.
Skuffa trenar
Trenar Stig Nord var svært skuffa.
- Dette var skuffande, det var ikkje eit resultat vi hadde sett fram til. Vi følte vi hadde kontroll, men så fekk Follo ei heldig skåring. Då stod det og vippa, og marginane var ikkje på vår side, seier han.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket