Hopp til innhold

Frifunnen for å ha lamma fotgjengar

- Min klient er veldig glad for utfallet, seier advokat Jan Nikolai Hvidsten etter at ein sogning er frifunnen for å ha køyrt ned og skadd fleire personar i Vik.

Sogningen i 40-åra vart i mars i fjor funnen skuldig å ha køyrt ned og skadd tre personar for to år sidan. Han vart dømd for både aktlaus køyring, promillekøyring og for å ha køyrt frå staden utan å hjelpe dei skadde.

Før helga frifann Gulating lagmannsrett han for dei same tiltalepostane.

- Det var viktig for han. Det var ei stor bør som vart letta frå skuldrane hans, seier forsvararen hans, Jan Nikolai Hvidsten.

Tvilen kom til gode

Mannen vart dømd til fengsel i åtte månadar, der 120 dagar vart utsett med prøvetid på to år. Han har heile tida nekta straffskuld .

Med nær to i promille den aktuelle kvelden, har ikkje mannen sjølv kunne kaste lys over kva som skjedde. Det var heller ingen som såg kven som var førar av ulukkesbilen.

Medan tingretten meinte at det var sogningen som førde bilen, lot fleirtalet, ein lagdommar og to meddommarar, tvilen kome tiltalte til gode.

Dømd til erstatning

Sjølv om mannen vart frifunnen for skuldspørsmålet, dømde ein samrøystes lagmannsrett sogningen til å betale 75 000 kroner i erstatning til den hardast skadde i ulukka.

Beviskrava er ikkje like strenge i samband med erstatningsspørsmål, som ved skuldspørsmål.

- Det er klar sannsynligheitsovervekt for at tiltalte ved høve var førar av bilen, og at køyringa var grovt aktlaus, står det i dommen.

Til etteretning

Aktor Sissel Kleiven seier i ein kommentar at ho tek domen til etteretning, men merkar seg at retten er usamde i skuldspørsmålet og samde om erstatningsansvaret.

Bistandsadvokat Maria Kirkeeide Ravnå har førebels ikkje lest domen, og ynskjer ikkje på noverande tidspunkt å kommentere den.

Forsvararen til mannen, Jan Nikolai Hvidsten, seier det førebels er uvisst om dei vil anke erstatningsspørsmålet.

- Det er tidleg å seie no. Vi må få lest dommen skikkeleg og få gjort ei vurdering på det. Det er andre beviskrav. Det viktigaste for han no var straffespørsmålet, seier han.