Hopp til innhold

- Har ingen marknadsverdi for Florø

1,1 millionar menneske såg Melodi Grand Prix-delfinalen i Florø. Men arrangementet vil ikkje gje fleire turistar eller tilflyttarar, meiner kommunikasjonseksperten.

MGP i Florø
Foto: Rune Fossum

Arrangørane meiner dei har sett Florø på kartet. Laurdag kveld rulla nydelege bilete av Florø i solnedgong over skjermen. Mr.Florø vart kåra. Og artisten Marika ropte at publikum var så fantastiske at ho ville flytte hit.

- Betyr ingenting

Ingebrigt Steen Jensen
Foto: Tarald Aaby / NRK

Men Ingebrigt Steen Jensen, som av mange vert kalla ein reklameguru, trur marknadsverdien er lik 0.

- Det er innslag frå norske byar på fjernsyn kvar dag. Sjølv om Florø arrangerer MGP, tenkjer ikkje familiar at dit skal vi reise, og bedriftene vil ikkje etablere seg der på grunn av eit arrangement ein kveld. Reiste du til Lofoten etter "Himmelblå"? Eller til eit gardsbruk langt til fjells etter "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu"?

- Kva med "reklamefilmen" med glimt frå Florø som vart vist under tv-sendinga?

- Eg trur ein skal vere nøktern. Det er veldig lett å overdrive kor fantastisk det er å vere på tv. Det er ikkje automatisk noko trekkplaster.

Trur det samlar folket

MGP i Florø
Foto: Rune Fossum
MGP i Florø
Foto: Rune Fossum

Sjølv om ikkje MGP aukar turisme eller folketal, trur likevel Steen Jensen det har ein samlande effekt for folk i Florø.

- Eit så stort arrangement kan skape fellesskap, stoltheit og optimisme i den aktuelle kommunen. Slik sett har det ein reell verdi. Men det gjeld berre for dei som allereie bur der, seier kommunikasjonseksperten.

- Seier dei kjem tilbake

Per Øyvind Helle, Roy Austbø og Anne Rimmen

Arrangør Per Øyvind Helle har allereie fått fleire hundre tilbakemeldingar via sms og epost frå folk som seier dette må vere fantastisk reklame for Florø, og for Sogn og Fjordane.

- Marknadsverdien er kjempehøg, og eg trur garantert folk som ser og opplever Florø vil kome hit. Artist Hanne Sørvåg, som kom på andreplass, hadde ikkje vore i Sogn og Fjodane før, og seier ho vil kome tilbake. Eg er ikkje i tvil om at MGP vil bety mykje for Florø også i framtida, seier Helle.