Hopp til innhold

Sjukehuskonsert utseld i rekordfart

Den stjernespekka sjukehuskonserten på Nordfjordeid er utseld, ti dagar etter at billettane vart lagde ut for sal.

Janne Endal Andersson

KJEMPAR FOR SJUKEHUSET: Janne Endal Andersson har teke initiativet til konserten i Operahuset.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

Mariann Thomassen, Surferosa

Mariann Thomassen, kjend frå Surferosa, skal vere konferansier.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX
Tone Damli Aaberge

Sognejenta Tone Damli Aaberge kjem for å syngje.

Foto: Pressefoto.
The Pink Robots

Også Selje-bandet The Pink Robots stiller på konserten.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK
Odd-Erik Lothe

Det same gjer Odd-Erik Lothe...

Foto: Simon Solheim
Britt Pernille Frøholm

... og Britt Pernille Frøholm

Det er den heimflytta eidajenta Janne Endal Andersson som er primus motor for konserten på onsdag.

– Dette er heilt fantastisk. Vi har seldt 520 billettar på ti dagar, det er heilt utruleg og eit rekordsal.

Endal Andersson er også kjend som kvinna som på Luciadagen stod bak markeringa «Det lyser i stille grender».

Representerer framtida

Tone Damli Aaberge og Mariann Thommassen er mellom dei som stiller på konserten i Operahuset Nordfjord, der målet er å synleggjere unge og kreative personar frå fylket som representerer framtida.

– Artistane gler seg veldig til showet. I dag testa vi videooverføringa med Gaza-legen Mads Gilbert som også skal vere med. Han har engasjert seg sterkt i lokalsjukehusa og var opprømt over tiltaket.

Stemmer frå Sogn og Nordfjord

Ho trur det er kombinasjonen av artistar som har gjort til at folk har gått mann av huse for å skaffe seg billettar til konserten som blir ein miks av popmusikk, opera, folkemusikk og ballett.

– Mariann Thommassen er sjølvutnemnd konferansier. Tone Damli Aaberge symboliserer stemma frå Sogn og vi har artistar frå alle dei sju kommunane i Nordfjord.

Men frå Sunnfjord er det ingen.

– I Sunnfjord står dei ikkje i fare for å miste sjukehuset, så vi har satsa på artistar frå Nordfjord og Sogn.

Stoltenberg takka nei

Endal Andersson håper at regjeringa skal seg inspirerer til å tenkje kreativt og nytt i sjukehussaka. Ho hadde invitert Jens Stoltenberg, Anne-Grete Strøm-Eriksen, Liv Signe Navarsete og Kristin Halvorsen, men ingen av dei kunne komme.

– Trur du at det nyttar å halde ein slik konsert?

– Ja, det trur eg, for vi blir sett og høyrt. Politikarane kan ikkje ignorere ei så kraftfull stemme frå så mange. Dei må utøve demokrati i praksis.

Tryggleik er viktig

No gler ho seg skikkeleg til konserten.

– Dette blir ein strålande kveld. Og sidan alle billettane er utselde, så får vi eit overskot vi skal bruke til andre kreative planar. For det er viktig å kjempe for lokalsjukehus. Det handlar om tryggleik i kvardagen som er eit grunnleggjamde behov.

Pågangen har vore stor at mange ikkje får plass på sjølve konserten. Arrangøren har difor ordna det slik at konserten vert sendt direkte på internett.

I NRK Sogn og Fjordane si føremiddagssending onsdag er Janne Endal Andersson onsdagsportrett.