Hopp til innhold

Samla seg for lokalsjukehusa

Høgre, Frp, Venstre, KrF og uavhengige Gunvor Sunde har samla seg om eit fellesframlegg for å berge lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.

Video Fylkestinget om Nasjonal Helse- og Sosialplan

SJÅ: Møtet startar klokka 1430 i dag.

Under fylkesutvalet måndag presenterte opposisjonen sitt framlegg til uttale i samband med nasjonale helse- og omsorgsplanen for 2011 - 2015.

- Lokalsjukehusa må innehalde akuttfunksjonar og eit fødetilbod på minimum tilsvarande dagens nivå. Ein bør også ha andre funksjonar slik at ein får utnytta støttefunksjonane fullt ut, lyd framlegget.

Med det har som venta opposisjonen samla seg mot dei raudgrøne politikarane. Men skal mindretal bli til overtal, må nokon av dei raudgrøne politikarane skifte side når Fylkestinget startar klokka 1430.