Turist sat fast på venterom

Kvinna skulle vore med båten som gjekk her frå Amlabukta på Kaupanger til Gudvangen.
Foto: Brit Jorunn Svanes/NRKEin italiensk turist skapte stort rabalder då ho ikkje kom seg ut frå venterommet på ferjekaien på Kaupanger.
Publisert 19.07.2006 15:37.
- Skriv ut
Dermed kom kvinna i 60-åra vekk frå resten av turfølgje som reiste med ferja over fjorden. Men til alt hell sat det ein sveitsar med italienske språkkunnskapar i etasjen over.
- Eg sat på kontoret og jobba. Då ferja la frå land høyrde eg brått mykje bråk og ei kvinne som ropa på italiensk, seier han.
Fekk ikkje opp døra
Christian Zurbuchen har kontor i etasjen over, og reagerte spontant då han høyrde dei italienske ropa om hjelp. Kvinna hadde vore på toalettet som ligg like ved venterommet. Då han kom ned møtte han ei nærast desperat kvinne.
- Kvinna drog i døra i staden for å skyve, så ho fekk ikkje døra opp. Eg opna for henne, og ho vart veldig glad. Dama kunne verken norsk, tysk eller engelsk, men heldigvis kan eg litt italiensk. Ho kunne då fortelje at reisefølgjet hadde reist med ferja, seier han.
Turfølgjet var midtfjords
Og med resten av turfølgje midtfjords måtte det handlast raskt. Zurbuchen snakka med billettøren for å få ferja tilbake. Når ikkje det var mogeleg, måtte han prøve å få kvinna på bussen som gjekk frå den andre ferjekaien nokre kilometer utanfor Kaupanger.
- Eg fann ut at det gjekk ein buss på den tida. Eg ringde til Mannheller slik at bussen kunne vente, og så køyrde eg dama til ferjekaien. Det var ei glad dame som sa adjø, seier han.
Glad for italiensk-kunnskap
Sveitsaren er berre glad han i alle fall følgde litt med i italiensk-timane på barneskulen.
- Det var artig at eg fekk bruk for det eg lærte ein gong. Det var difor eg forstod at ho ropte om hjelp, seier han.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket