Hopp til innhold

Fleire bygder er isolerte

Bygda Skjerdal i Aurland er ei av fleire bygder som er isolerte frå overda i Sogn og Fjordane.

Skjerdal i Aurland er isolert

STENGT: Tolv personar er isolerte i bygda Skjerdal i Aurland. Harald Skjerdal kjem seg ikkje ut av bygda.

Natt til søndag har det gått ei rekkje snøras på fylkesvegen mellom Aurlandsvangen og Skjerdal.

Tolv fastbuande er isolerte. Ifølgje Vegtrafikksentralen vil ikkje vegen bli rydda i dag grunna stor rasfare på strekninga.

Bygdene Veitastrand i Luster, Undredal i Aurland, Navelsaker i Eid og Otterdal i Hornindal er også isolerte. Ved 15-tida vart også Urnes i Luster stengt.

Totalt 300 personar kjem seg dermed truleg ikkje på jobb eller skule i morgon.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Vegar stengt

NETT-TV: Klikk for å sjå videoen.

Fleire ras har gått

Natt til søndag har det gått ei rekkje ras i Sogn og Fjordane og det der er stor rasfare fleire stader. Ved 13-tida var totalt 13 vegar er stengde, og fleire av dei vil ikkje opne igjen i dag.

Harald Skjerdal, som bur i bygda, fryktar dei fastbuande ikkje kjem seg på jobb i morgon.

Det blir nok eit problem i morgon når folk skal på jobb. Vi må halde oss heime i dag, men det er heldigvis søndag. Men folk må nok sikkert halde seg heime også i morgon.

Harald Skjerdal til NRK.no

40 meter breidt

Harald Skjerdal og kona var på søndagstur i dag for å sjå på forholda, og eit over 40 meter breidt snøras stengde vegen ut av bygda. I tillegg skal det ha gått ei rekkje mindre snøras på vegen.

Harald Skjerdal

ISOLERT: Harald Skjerdal og elleve andre er isolerte.

Foto: Privat

– Det er bratt i skråinga over vegen. Det låg store snømengder i vegen. Det var mange kubikk med snø. Eg veit av erfaring kor rasa går, og vi våga ikkje å gå lenger, seier Skjerdal.

– Dersom ein skal ut av bygda må ein ta beina fatt og gå gjennom rasområdet, men det er ikkje så lurt. For ein veit aldri om det kjem fleire ras, seier Skjerdal.

Bygda ligg ved fjorden, så dei isolerte kan komme seg ut av bygda med hjelp av sjøvegen dersom ein har båt.

Fryktar lang vegstenging

I bygda Navelsaker i Eid er tolv personar isolerte. Lene Kristin Navelsaker fryktar vegen vil vere stengt lenge.

– Det er mykje regn og nedbør her. Vi sit her, vegen er stengt og vi kjem oss ingen plass. Det har har ikkje rasa enno, men det kjem vel til å gjere det i løpet av kvelden, seier Navelsaker til NRK.no.

Vi kjem oss sikkert ikkje på jobb, og det blir ei stor utfordring. Dei kunne sikra vegen slik at vi kunne følt oss litt tryggare.

Lene Kristin Navelsaker til NRK.no

(Artikkelen held fram under biletet)

Heggjabru-Navelsaker er stengt

STENGT: Vegen mellom Heggjabru og Navelsaker i Eid er stengt. Der er tolv personar isolerte.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I bygda Veitastrand i Luster er 150 personar isolerte og i Undredal i Aurland kjem dei over 80 fastbuande seg ingen veg.

Vegvesenet: – Folk må halde seg heime

Hos Vegtrafikksentralen i Sogn og Fjordane ber dei folk om å halde seg heime.

– Det er ikkje lov å gå på vegar som er stengde. Vegane som er stengde er stengde for all ferdsel. Det er ulovleg å krysse dei, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille i Statens vegvesen.

Det er enno uvisst kor lenge bygdene vil vere isolerte.

12 personar er isolerte

OPNAR IKKJE I DAG: Statens vegvesen veit ikkje kor lenge vegen vil vere stengt, men det vil ikkje bli opna igjen i dag.

Foto: Harald Skjerdal

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.