Hopp til innhold

Dei som føder utanfor sjukehus har ingen rettar om det går gale

Kvinner som føder på veg til sjukehus har ikkje juridisk vern. Dei må ta risikoen sjølve.

Fødde i bilen

FØDSEL I BILEN: Elvira kom til verda familien sin Ford. Pappa Øyvind Myklebust tok i mot då Vivian Beate Andersen fødde sitt barn nummer to.

Foto: Øystein Torheim / Bergens Tidende

I går fortalde Bergens Tidende at talet på fødslar utanfor sjukehus har nær tredaobla seg dei siste 30 åra.

I dag skriv avisa at dei som føder utanfor medisinsk personell til stades må bere risikoen sjølv. Dei har ingen rettar om ting skulle gå gale.

Har ikkje juridisk vern

Sentralisering av sjukehusa kan ha mykje av forklaringa for at fødselstalet utanfor sjukehus har auka så markant.

Pasientskadelova skal sikre at ein får hjelp og erstatning ved skader. Men no viser det seg at dei som føder barn utan kvalifisert helsepersonell til stades, står utan juridisk vern.

Elvira (3) frå Svelgen i Bremanger kom til verda i framsetet på familien sin Ford S-Max ein augustkveld i 2007. Foreldra Vivian Beate Andersen og Øyvind Myklebust var på veg frå Svelgen til sjukehuset i Førde, men vesle Elvira ville ikkje vente.

Då det stod på var det ikkje kjekt, men vi var heldige. Sjølvsagt ville eg helst fødd under trygge forhold på eit sjukehus. Då nestemann kom var vi veldig påpasselege.

Vivian Beate Andersen til Bergens Tidende

Har skrive master

Jordmor og jurist Berit Grimsrud Syversen har skrive ei ny masteroppgåve i rettsvitskap om erstatningsansvar og fødselsskadar.

– Dersom det skjer ein fødselsskade under transport til sjukehus, vil kvinna og barnet vere avhengig av at fødselen skjer i ein ambulanse eller på ein stad der helsepersonell er til stades, seier Grimsrud Syversen til Bergens Tidende.

– Skjer skaden utan medisinsk personell til stades, vil dei ikkje vere verna av lova. Då må foreldre sjølve bere ansvaret, seier Gimsrud Syversen til avisa.