Hopp til innhold

Årdal isolert av ras

To stengde fjellovergangar og eit ras har sperra årdølene inne.

Ras sperrar vegen ved riksveg 5

RYDDAR RASET: Entreprenøren til vegvesenet er igang med å fjerne snøen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Ras sperra riksveg 53 ved Naddvik

OPNAR TRULEG KL 11: Oppryddingsarbeidet er i full gang.

Foto: Arve Uglum / NRK

Då eit stort ras gjekk på riksveg 53 mellom Naddvik og Årdalstangen klokka 02.00 natt til onsdag, var same riksveg mellom Øvre Årdal og Tyin allereie stengt på grunn av uveret. Dermed var begge fartsårene ut frå Årdal kommune stengte.

– Årdalstangen og Øvre Årdal var faktisk innesperra frå resten, seier Kai Jonny Bugjerde i Statens Vegvesen.

SISTE: Like etter klokka ni melder vegmeldingssentralen at Årdal - Tyin er opna att. Då det byrja å bli lyst, starta oppryddingsarbeidet etter raset ved Naddvik. Denne vegen vart opna i halv elleve-tida.

Ventar til det blir lyst

Ordførar Arild Ingar Lægreid seier dei prøver å få oversikt over situasjonen.

Arild Ingar Lægreid

PRØVER Å FÅ OVERSIKT: Ordførar Arild Ingar Lægreid.

Foto: Hanne Stedje, porten.no

– Vi har vore borti dette før, og slikt kan skje. Men det er ikkje bra når eit samfunn er isolert, så vi må jo få opna opp så fort som mogleg. Det er jo folk som ikkje kjem seg på jobb.

Kommunen har vore i kontakt med naudetaten 113.

– Slik eg vurderer det er helikopter einaste moglegheita akkurat no.

Kjem til å styrkje beredskapen

Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde seie at dei vil styrkje beredskapen dersom vegen blir stengd lenge.

– Dersom dette vedvarer, så vil det vere naturleg å styrkje beredskapen i indre Sogn. Vi skal ha eit møte tidleg i dag for å drøfte dette.

Mange stengde vegar i fylket

Det har vore mange stengde vegar i morgontimane og nokre av dei er framleis stengde. Spesielt i Indre Sogn er det mange vegar som er stengde fordi det har gått ras eller fordi det er fare for ras.

Når det gjeld dei andre vegane i fylket som har vore stengde så har har dei opna riksveg 50 Hol - Aurland. Riksveg 5 ved Lundebakken i Fjørland er det opna etter at dei vogntog sperra vegen. Også vegen til Veitastrond er opna igjen.

I Framfjorden i Vik har folk vore isolerte, og kommunen har sett opp ein skyssbåt dersom det skulle oppstå akutte situasjonar.

Vikadalen i Årdal

HIT MEN IKKJE LENGER: Årdal var fullstendig isolert etter ras og stengde vegar.

Foto: Egil Jørgen Lund