Det har lenge vore kjent at Orkla ikkje vil ha Elkem lenger, men i dag vart det kjent at selskapet skal selgast.
Dei 170 tilsette ved verket i Svelgen i Bremanger er spente på kva framtida vil bringe. Men dei tilsette i Nordfjord kjenner også ei lette fordi dei vil få ein eigar som vil ha dei.
Blanda følelsar
Klubbleiar ved Elkem Bremanger, Knut Sande, seier dei er utrygge på framtida, og at det er blanda følelsar blant dei tilsette.
– Vi veit ikkje kva framtida vil bringe, men eg trur ikkje vi vil merke dei store endringane ved fabrikken dei første åra, seier Sande til NRK.no.
- LES OGSÅ:
Orkla bekrefta i går at selskapet har vore i forhandlingar med kinesiske China National Bluestar om eit sal av kjemikalieselskapet Elkem. I dag melder nyheitsbyrået NTB at selskapet er selt for tolv milliardar kroner.
Elkem er blant landets største industriselskap.
Direktør: – Det er ei lette
Dei tilsette som NRK.no har snakka med i dag seier dei er utrygge på kor mange tilsette som vil vere på verket i framtida.
Direktør ved Elkem Bremanger, Steinar Talle, meiner det er positivt at saka endeleg har fått ein slutt.
– Det er ei lette for oss. Dette har vore ein prosess som har pågått i fleire månader. No når det er gjennomført er vi veldig glade for at det er ein industriell eigar som har finansielle musklar til å bringe Elkem og Elkem Bremanger vidare, seier Talle til NRK.no.
- LES OGSÅ: