Hopp til innhold

Tapte millionsøksmål etter gymskade

Skuleeleven kravde 3,8 millionar kroner i erstatning etter å ha blitt skadd i ein gymtime.

Hafstad vidaregåande skule
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ein tidlegare elev ved Hafstad vidaregåande skule i Førde gjekk til sak mot skuleeigar Sogn og Fjordane fylkeskommune, ved Gjensidige Forsikring, med krav om erstatning.

Turnøving gjekk gale

Det var i januar 2002 i ein valfagtime i kroppsøving at skuleleven fekk livet forandra. I samband med turnundervinsing skulle elevane ta sats på eit springbrett og rulle framover over ein langsgåande kasse. Men eleven var uheldig og fekk ein knekk i nakken.

Varige mein

Uhellet i gymtimen førte til at jenta fekk varig skade. Sidan ulykka har ho hatt smerter i nakke- og skulderområdet. Smertene har mellom anna spreidd seg til muskulatur i kjeve og andletet. Den tidlegare skuleeleven skal i tillegg ha problem med å hugs og konsentrasjon.

Sommaren 2010 stemna den tidlegare skuleleven Gjensidige Forsikring inn for Fjordane tingrett med krav om 3.860.000 kroner i erstatning, og at forsikringsselskapet måtte dømmast til å betale sakskostnadene.

– Skulen kan ikkje lastast

Fjordane tingrett gav derimot ikkje saksøkar medhald. Retten finn at skulen, ved kroppsøvingslæraren ikkje kan lastast for ulykka. Retten kjem i dommen, under noko tvil, fram til at læraren i samband med gjennomføringa av turnøvinga, tok dei nødvendige førehandsreglande som det var rimleg å kunne krevje.

Fjordane tingrett frifinn dermed skuleeigaren, fylkeskommunen, sitt forsikringsselskap Gjensidige Forsikring.

Partane må dekkje sine eigne sakskostander.