Hopp til innhold

Krisesenter brukt som sextelefon

Folk ved krisesenteret er leie av at unge menn ringer og vil snakke om sex.

Wenche Hovland, dagleg leiar ved Krisesenteret.

UBEHAGELEG: Wenche Hovland og Krisesenteret opplever stadig vekk at unge menn ringer sex-telefonar til dei.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Dei vil snakke om sex, og etter kvart forstår vi at det ikkje dreiar seg om problem med sex ein gong. Dei vil berre prate om det. Vi føler at dei heller burde teke kontakt med ein sextelefon enn krisesenteret, seier Wenche Hovland, dagleg leiar ved krisesenteret i Florø.

Kirkens SOS opplever det same

Krisesenteret si telefonteneste er meint for menneske i krisesituasjonar. No opplever dei stadig oftare at folk som ringer utnyttar tenesta til andre formål.

Wenche Hovland opplever at enkelte prøver å bruke dei som ein sextelefon. Kirkens SOS sin krisetelefon opplever det same.

- Vi er ingen sextelefon

Det er som regel unge menn som står bak slike samtalar og vanlegvis seint på kvelden eller på natta.

- Vi tykkjer det er ubehageleg. Vi tykkjer ikkje dette er kjekke telefonar, seier Hovland.

- Kvifor trur de at dei ringer dykk?

- Nei, det kan eg ikkje svare på.

Leitar etter spenning?

- Det gir ekstra spenning, og sex handlar veldig mykje om spenningar, seier sexolog Gro Isachsen. Ho trur det kan vere fleire grunnar til at akkurat krisetelefonar blir brukte på denne måten.

- Eg kan tenkje meg at nokon gjer dette fordi det på ein måte blir som blotting. Og så kan det jo også ha noko med økonomi å gjere, seier Isachsen og viser til at det er bortimot gratis å ringe krisetelefonen, i motsetning til sextelefonane.

LES OGSÅ:

På krisesenteret har dei ikkje andre mottiltak mot dei kåte unge mennene enn dei som har vorte brukte til no.

- Vi avviser dei gong på gong og så mykje meir er det vel ikkje me kan gjere, seier Hovland.