Hopp til innhold

– Flaks at liv ikkje gjekk tapt

Berre flaks gjorde at ikkje liv gjekk tapt då trafikken stod i stampe på E39 i kveld, meiner politiet.

Kaos på E39 i Førde

LANGE KØAR: Det var lange køar på E39 i Førde.

Foto: NRK

Ved 19-tida måndag kveld køyrde eit vogntog seg fast i Haldbrendslia i Førde, og det vart difor bom stopp i trafikken på fylkets mest traffikerte veg.

Det var full stopp i trafikken i timesvis, og når korken var i ferd med å løyse seg skapte andre vogntog problem.

– Kunne blitt katastrofalt

Hundrevis av bilistar stod i kø i timesvis. Heller ikkje ambulansar eller folk som skulle på legevakta kom seg til sjukehus.

Ved Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) seier dei at trafikkorken ikkje har fått alvorlege følgjer for pasientar.

– Heldigvis skapte ikkje dette større problem for sjukehustransporten, men det er berre flaks. Vi veit aldri når ulykka er ute eller når eit utrykkingskøyretøy må forbi. Konsekvensane kunne vore katastrofale for trafikken har stått i stampe, seier operasjonsleiar Einar Vereide til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkaos i Førde

PROBLEM I SENTRUM: Trafikken heilt ned i Førde sentrum stod stille grunna vogntoget.

Foto: Rolf Sanne-Gundersen / NRK

– Tankelaust

Operasjonsleiar Einar Vereide og dei andre kollegane på operasjonssentralen i Florø opplevde i kveld ein telefonstorm utan like.

– Har ikkje tal på kor mange telefonar som kom inn. Bilistane var fortilte fordi dei hadde stått fast i fleire timar, seier Vereide til NRK.no.

Vogntoga som fekk problem var ikkje skodde for den såpeglatte vegen. Dei hadde ikkje kjettingar på, noko som politiet ser svært alvorleg på.

– Det er særdeles tankelaust å leggje ut på vegane utan å vere skodd godt nok. All trafikk har vore blokkert, seier Vereide.

Innfører kolonnekøyring

Politiet vurderer no å opprette sak på dei lastebilsjåførane som har skapt problem på europavegen i kveld, men det har dei enno ikkje bestemt.

Det har vore kaos sidan 19-tida og fram til 23-tida. Statens vegvesenet vil ta over for politiet i løpet av kvelden.

– Vegvesenet skal skal rett og slett innføre kolonnekøyring fordi det er så glatt. Det vil dei halde på med heilt til trafikken avtar. Eg har aldri i mi karriere i politiet opplevd så store trafikkproblem som det har vore i dag, seier Vereide.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.