Hopp til innhold

– Bør vurdere å trekke seg

Liv Signe Navarsete, leiar i Senterpartiet, meiner politikarar som sit i styra i helseføretaka skal følgje signala frå regjeringa.

Liv Signe Navarsete og Gerd Dvergsdal

KRITISK: Liv Signe Navarsete meiner partikollega og Jølster-ordførar Gerd Dvergsal bør vurdere vervet sitt i Helse Vest.

Foto: NRK

– Gjer dei ikkje det, bør dei vurdere å trekke seg, seier Navarsete til NRK.no.

Tidlegare i dag sa partifelle og styremedlem i Helse Vest, Gerd Dvergsdal, at ho distanserer seg frå politikken når ho skal styre helseføretaket.

– Ikkje Sp-politikk å leggje ned

Trygve Slagsvold Vedum

KRITISK: Trygve Slagsvold Vedum seier det ikkje er Sp-politikk i leggje ned sjukehus.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Dvergsdal går inn nedlegging av føde- og akuttilbod på lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid. Men partiet sentralt har ei anna meining om dette:

– Det er ikkje Senterparti-politikk å leggje ned akutt- og fødetilbod i Lærdal og på Nordfjordeid, seier parlamentarisk leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Slagsvold Vedum er både nestleier og parlamentarisk leiar i Senterpartiet.

– Det kan ikkje vere slik

Liv Signe Navarsete vil som medlem av regjeringa verken seie ja eller nei til dei to lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane no.

Men ho meiner at dei som er politisk oppnemde styremedlem i helseføretaka ikkje kan frigjere seg frå politikken.

– Det kan ikkje vere slik. Tek dei ikkje dei politiske signala inn over seg, bør ein kanskje vurdere om ein er på rett plass, seier Navarsete til NRK.no.