Hopp til innhold

Stor snøskredfare langs vegane

Det er stor snøskredfare langs fleire av vegane i Sogn og Fjordane - og særleg i Nordfjord.

Fylkesveg 614 Langesi

STORE SKREDFARE: Det er fare for nye snøskred langs vegane i fylket, og særleg i Nordfjord. Biletet syner fylkesveg 614 ved Langesi.

Foto: Vegvesenet sitt webkamera

Rv 5 mellom Førde og Sogndal var ein kort periode stengd i Kjøsnesfjorden på grunn av snøras. Fv 720 er stengd ved Hjelle i Stryn på grunn av fare for ras.

Det har i løpet av nyttårshelga komme store mengder snø i Sunnfjord og Nordfjord, og fleire stader har fylkesvegane vore stengde av ras.

- Det snør framleis, og det vil det gjere utover ettermiddagen. Så vil det kanskje bli opphald i morgon, og onsdag vil det brake laust med regn igjen. Så ifølgje prognosane skiftar vêret framleis, seier Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Store mengder snø kombinert med skiftande vêr gjer at skredfaren også er stor i dei nordlege delane av fylket.

Nord for fylkesgrensa er ei rekkje vegar stengde i Møre og Romsdal.

- Etter den kalde førjulsvinteren er det fare for at det ligg eit glidesjikt heilt i botn av snødekket. Difor har det lettare for å bli snøskred, seier statsmeteorolog Karsten Eitrem.