Politiet fekk melding om brannen klokka 1755 søndag kveld, samstundes som
.- Det tok fyr innvendig i ei ti år gammal hytte. Ho er no heilt utbrent innvendig, men flammane slo ikkje ut, seier Rune Kjørvik.
Ferdigsløkt etter nokre timar
Kjørvik driv til dagleg Gloppen Camping, og prisar seg lykkeleg over at ingen kom alvorleg til skade i brannen.
Ei jente fekk den einaste personskaden då ho skulle klatre ut eit vinduage og skrapa seg opp.
Røykdykkarar var raskt på staden, og i tillegg sprøytte brannvesenet vatn inn i veggen på hytta.
Litt før klokka 20.00 søndag kveld var brannvesenet ferdig med ettersløkkinga.
Råka av brann for andre gong
Familien som budde i hytta var mellom dei evakuerte bebuarane under dødsbrannen i eit hus med flyktningar på Sandane tidleg i desember.
LES OGSÅ:
No budde familien i ei mellombels hytteløysing på Gloppen Camping på Sandane.
- Eg har ikkje fått prata med dei, men vi jobbar no med å finne anna overnatting, seier Kjørvik.
Det var NAV som leigde hytta til flyktningane, som vart huslause brannen i hybelhuset på Sandane.
Politiet kom ved 20.30-tida til staden og starta etterforskingsarbeidet.