Hopp til innhold

Etterlyser fjellrev på avveie

Ein fjellrev utsett på Finse før jul, har funne vegen til Aurland.

Video Setter ut fjellrev-hvalper

FJELLREV PÅ AVVEIE: Statens Naturoppsyn ynskjer opplysningar om ein fjellrev som har funne vegen til Aurland.

Foto: Nyhetsspiller

Reven vart observert i Lærdalstunnelen i morgontimane onsdag. Fjellreven er utryddingstruga og 15. desember vart 26 fjellrevar frå tre ulike kull sleppt ut på Finse.

- Det truleg ein av desse som har somla seg ned i bygda her og inn i tunnelen. Den er no ute, og er ein eller annan stad i Aurland, seier Rein Arne Golf, oppsynsmann i Statens Naturoppsyn.

(Saka held fram under TV-saka)

Video Setter ut fjellrev-hvalper

EIN AV DESSE? 26 revar vart før jul sett ut på Finse. No kan ein av dei ha forvilla seg til Aurland.

Ta bilete

Oppsynet ynskjer opplysningar som gjer at dei kan fange og føre reven attende til fjellheimen.

- Dersom nokon ser den, så er fjellrevane plastikkmerka i øyrene med ulike fargekodar. Vi håpar nokon kan fortelje oss kva fargekode den har og eventuelt ta bilete av den, seier Golf.

Ingen fare

Oppsynsmannen presiserer at det ikkje er farleg med ein fjellrev tuslande rundt i nabolaget. Det er for revens eigen del at dei vil plassere han opp att i fjellet.

- Det er der vi ynskjer han skal vere. Eg har spora den i byggefelt der han har ete restavfall. Finn den mat så kan den fort bli gåande. Det ynskjer vi ikkje, seier han.

- Han vil nok klare seg, men det er både biltrafikk og konkurranse mellom raudrev og fjellrev, minner Golf om.