Hopp til innhold

Rekordsesong for morellar

Det går mot rekordsesong for morelldyrkarane i Lærdal Grønt. Etterspurnaden er svært stor, og fylkesagronom Harald Nornes trur at dei i år skal klare å levere 115 tonn morellar.

Morellar
Foto: NRK

- Eg trur vi klarar så mykje, og det er vi stolte av, seier han.

- Ser lovande ut

Det går mot eit svært god sesong for dei 17 morellprodusentane i Lærdalgrønt. I fjor vart det levert 76 tonn morellar frå Lærdal Grønt til ein verdi av fire millionar kroner. Målet var å auke produksjonen i år med omlag 30 prosent. I går var Nornes i Lærdal for å inspisere bæra som er klare for hausting om eit par veker.

- Dei byrjar å få ein fin raudfarge, så det ser lovande ut, seier han.

Ettertrakta i England

I fjor fekk morelldyrkarane i Lærdal løyve til å eksportere morellar til heile Europa. Norske morellar er særs ettertrakta i England, og som einaste produsent i Norge pakkar Lærdal Grønt sjølve handlekorger som er å finne i hyllene til butikkjeda Mark and Spencer.

- Det er ei tillitserklæring frå den engelske importøren. Dei har vore så nøgde med dei varene dei har fått, at dei ønskjer å få morellane ferdig pakka i forbrukarpakningar, seier han.