Hopp til innhold

Storstilt redningsaksjon for hund

Viss den irske setteren "Diesel" (4) klarar natta på ei fjellhylle i Stryn, vert han truleg berga onsdag

Diesel (4)

RETT FØR: Matmor Siri Sørdal og Diesel ein halvtime før hunden forsvann 1.juledag

Foto: privat

- Me hadde folk oppe i går som prøvde å kalla han til seg. Men det var ikkje håp, seier matmor Siri Sørdal.

Stakk av på skitur

Diesel (4)

HÅP: Om Diesel vert redda onsdag, kan Siri Sørdal og den irske setteren igjen få vakre fjellturar i lag

Foto: privat

Onsdag skal ei fjellredningsgruppe frå Jostedalen prøve å få berga "Diesel" som har vore i fjella i Stryn sidan 1. juledag. Hunden kom bort frå matmor Siri Sørdal under ein tur på Årheimfjellet mellom Loen og Stryn.

- Det var medan me tok ein skitur 1.juledag at han forsvann. Eg slapp auge av han då eg skulle feste bindingen. Det var det millisekundet han trong for å stikka av. Så har han truleg ramla utfor og hamna på flata, sa Sørdal i føremiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane måndag.

Seinare er han observert knapt 700 meter oppe i fjellsida men på eit svært vanskeleg tilgjengeleg område.

(Artikkelen held fram under kartet)

Kart over Stryn

HER STÅR DIESEL: På Strynsida av Årheimsfjellet

- Han står på ei stor, kvit flate. Me både ser og høyrer han, seier Sørdal.

Erfaren redningsgruppe skal forsøka

Dermed ska ei fjellredningsgruppa prøva å få ned Diesel onsdag.

Diesel (4)

UREDD: Matmora skildrar hunden som tøff og uredd.

Foto: privat

- Me har ei viss erfaring med å få ned spesielt sauer som har gått seg fast i fjellet, men også hundar. No treng me litt meir informasjon om kvar hunden står for å få den ned. Så skal me ta oss ein tur og prøva, seier Steinar Bruheim frå Jostedalen.

Sprengkulden om dagen er største utfordringa for hunden, men matmor håpar på ein lukkeleg utgang.

- Me er også innstilte på at det ikkje går slik. Det er vel ein del av risikoen med å ha med hundar på tur, at slike ting kan skje. Men me håpar så klart han klarar denna natta også. Kulden er problemet.