Hopp til innhold

Eras får 1,5 millionar i bot

Eras Metal AS i Høyanger slapp ut 55 ganger så mykje kvikksølv som dei hadde lov til.

Eras Metall i Høyanger.

BOT: Eras Metal AS i Høyanger må betale millionsum i bot.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I perioden mellom juli og desember 2008 slapp industriverksemda ut store mengder kvikksølv og flusyre ulovleg.

Industriverksemda Eras Metal AS i Høyanger må betale 1,5 millionar kroner i bot for miljøkriminalitet. I tillegg risikerer tidlegare styreleiar og dagleg leiar fengeslsstraffer.

– Vi ser veldig alvorleg på denne type kriminalitet. I denne saka har leiinga vore fullstendig klar over omfanget av utsleppa, utan å gjere noko som helst, seier politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes til NRK.no.

Kan vente seg fengselsstraff

Statsadvokaten har har bestemt at industriverksemda må betale millionsummen etter dei ulovlege utsleppa.

Jørn Lasse Refsnes

- ALVORLEG: Politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes.

– Vi ser veldig alvorleg på at utsleppa pågjekk over såpass lang tid. Kvikksølv er veldig farleg og det kan påføre folk alvorlege helseskader, seier Førde Refsnes.

– Størrelsen på bota er ganske stor, men vi meiner den står i stil med alvoret i saka. Poenget med bøter er at dei skal merkast av dei som utfører kriminaliteten, seier Førde Refsnes.

I tillegg til millionbota er tidlegare dagleg leiar og tidlegare styreleiar i verksemda tiltalte for alvorlege brot på forureiningslova, og ifølgje Førde Refsnes kan dei vente seg fengelsstraffer dersom dei blir dømde.

Påtalemakta har enno ikkje kome med nokon påstand om lengda på fengselsstraffa.

Uvanleg å tiltale privatpersonar

Verksemda sine eigne kontrollmålingar viste at utsleppa av kvikksølv oversteig konsesjonsgrensene med opp mot 55 gonger utan at tiltak vart sett i verk.

Førde Refsnes seier det er uvanleg at privatpersonar blir stilte til ansvar i slike saker.

– Det skal vere ganske alvorleg kriminalitet om vi går til det skrittet å ta ut tiltale mot enkeltpersonar. Der er viktig for oss å markere at det medfører eit stort ansvar å påta seg eit verv som styreleiar eller dagleg leiar i ei verksemd som har eit så stort forureiningspotensiale, seier Førde Refsnes.

Saka har vore etterforska av Høyanger lensmannskontor, og er venta å kome opp for Fjordane tingrett i løpet av vinteren 2011.

Eras vil vedta bota

Konserndirektør Ralf Schmidt i Scan Arc ASA som eig Eras, seier Høyanger-verksemda vil akseptere millionbota.

– Det viktigaste er at vi alt i 2009 omgåande sette i verk tiltak slik at dette ikkje skal skje igjen.

Schmidt kan ønskjer ikkje å kommentere tiltalen mot sin tidlegare styreleiar og daglege leiar.

– Personane som er tiltalte er ikkje lenger ein del av selskapet. Eg har ikkje fått sett desse tiltalane, så eg kan ikkje kommentere noko utover dette, seier konsernsjefen.

.