Hopp til innhold

Stengjer vegen for å berge vogntog

Fylkesveg 61 vil bli stengt frå laurdag klokka 15, og vil kunne bli stengt til søndag morgon.

Vogntog utfor vegen i Selje

STENGJER VEGEN: Under bergingsarbeidet vil vegen vere stengt frå laurdag føremiddag til søndag morgon.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Fisk for 400 000 kroner vart natt til laurdag berga frå vogntoget som kvelva i Nordfjord fredag føremiddag.

Laurdag kveld og natt til søndag skal sjølve vogntoget hentast opp frå skogen.

Stengjer vegen

Vegen er stengt medan arbeidet pågår og Statens vegvesen ber folk om å køyre om fylkesveg 618.

Bergingsselskapet Viking opplyser til NRK.no at det vert ein tung og vanskeleg operasjon slik vogntoget ligg no.

– Dei får halde på til dei er ferdige og det vil ta lang tid, seier vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegmeldingssentralen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vogntog utfor vegen i Selje

UTFOR: Vogntoget hamna utfor vegen mellom Maurstad og Åheim, ved Bryggja.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Fisken er berga

Bilen var laste med 23 tonn sild og hamna på sida vel 15 meter nedom vegen på fylkesveg 61 ein kilometer frå Bryggja.

I løpet av natta vart fisken henta ut frå lasteromma, og står no på eit fryselager. Over helga vil fisken bli transportert til kunden.