- Kjenner meg truga

Jenny Rømo (nummer to frå venstre) er framleis i Libanon.
Foto: privatJenny Rømo frå Sogndal som sit i ein flyktningleir i Sør-Libanon, seier at dei merka godt at Israel onsdag morgon angreip hamnebyen Tyr.
Publisert 18.07.2006 17:50. Oppdatert 19.07.2006 10:28.
- Skriv ut
Byen ligg ikkje langt unna der ho oppheld seg.
- Dei evakurerar nordmenn med båt frå Beirut til Kypros, men vi kjem oss rett og slett ikkje til Beirut, seier ho.
I god behald
27-åringen har tidlegare jobba i flyktningleiren, men denne gongen er ho der på besøk. Ho er der saman med tre andre norske studentar. Dei er alle i god behald, for flyktningleiren som dei bur i er ikkje angripen.
Kontakt med UD
Dei fleste nordmennene som var i Libanon har no blitt evakuerte med buss eller båt frå hovudstaden Beirut.
Men UD har til no ikkje funne ein sikker måte å få Rømo og dei tre andre vekk frå Sør-Libanon. Men Rømo seier dei heile tida har kontakt med UD.
Det siste døgnet har det vore mykje bombefly- og helikopteraktivitet i området som Rømo oppheld seg.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar

















Sol og sommar i fylket