– Det største regjeringspartiet er under eit veldig press på Vestlandet, fastslår valforskar Bernt Aardal.
Sjukehusstriden
Kampen om kraftmastene gjennom Hardanger er ikkje avgjort, og no blæs det også til strid om lokalsykehus på Vestlandet, ikkje minst i Sogn og Fjordane.
– Arbeidarpartiet og dei to andre regjeringspartia ligg generelt dårleg an framfor lokalvalet til neste år. Hardanger-saka og striden om lokalsjukehusa hjelper ikkje på situasjonen – for å seie det forsiktig, seier Aardal til NTB.
Han presiserer at det er vanskeleg å seie korleis dei spontane reaksjonane frå veljarane vil slå ut ved valet neste haust. Men Ap kan bli straffa hardt i ein region der dei tradisjonelt har stått svakt.
Mistillit til helseministeren
I Sogn og Fjordane er Arbeidarpartiet sitt lokallag i Selje lagt ned, og Vågsøy-ordførar Roger B. Silden og fylkestingsrepresentant Gunnvor A. Sunde frå Gloppen har begge meldt seg ut av paritet i protest mot nedbygginga av lokalsjukehus.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet.)
- LES OGSÅ:
I Molde har det gått så hardt for seg at Ap sitt lokallag i byen har erklært fullstendig mistillit til helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen. Måndag var ho i Ålesund, og tysdag kjem ho til Molde for å møte dei tillitsvalde ved sjukehuset i byen.
Ifølgje statsråden, som siterte Helse Midt-Norge, er det ikkje midlar til å byggje nytt sjukehus i Molde før i 2018. I samme andedrag freda helseministeren føde- og akuttavdelinga på lokalsjukehuset i Kristiansund.
– Om misnøyen med helseministeren no er stor i Molde, gjekk det begeistringstog i Kristiansund i helga. Men at Arbeidarpartiet og resten av regjeringa no føler presset, er openbert, seier valforskaren.
Johansen er bekymra
Partisekretær Raymond Johansen i Ap legg ikkje skjul på at svake meiningsmålingar, utmeldingar og misnøye i mellom anna Molde, Lærdal og Nordfjordeid gir grunn til uro. Han trur likevel det skal vere mogleg å attvinne tilliten blant vestlandsveljarane.
– Vi har ein sterk organisasjon og ikkje minst Norges beste valkamporganisasjon. Det er derfor vi vinn val og blir attvalde, srier Johansen til NTB.
Han påpeker at partiet opplever flere innmeldinger enn utmeldinger i både Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, uten at innmeldingene kan knyttes til kampen om lokalsykehusene.
– Har ikkje lyge
Anne-Grete Strøm-Erichsen avviser at ho har ført folk i Molde bak lyset ved å skape forventningar om snarleg bygging av nytt sjukehus. Der har ein brukt ord som mistillit, svik og løgn om henne dei siste dagane.
– Eg har ikkje lyge til nokon, seier Strøm-Erichsen til NTB.
(NTB/NRK)