Hopp til innhold

Dette er fartsverstingane i fylket

Dei er unge menn og dei køyrer svinfort. Lærdalstunnelen er verstingstrekninga i Sogn og Fjordane.

Lærdalstunnelen

DYSTER REKORD: Her i Lærdalstunnelen har fotoboksane registrert fart opp til 193 km/t.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

To unge menn er begge tekne i over 190 km/t eller meir av fotoboksane i Lærdalstunnelen på E16.

Statistikken for verdas lengste bilvegtunnel er nedslåande lesnad.

Leon Nordanger

RYSTA: UP-sjef på Vestlandet, Leon Nordanger ser mykje høg fart i tunnelane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det er skremmande. Det skal veldig lite til, og vi har ein del stygge ulykker i tunnelar, seier Leon Nordanger, UP-sjef i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Ni av 10 er unge menn

I Sogn og Fjordane er det automatisk trafikkontroll (ATK) i fire tunnelar, men heile sju av dei 10 verste fartsoverskridingane er registerte i Lærdalstunnelen. Og trenden er klar: Fartssyndarane er unge menn i alderen 20-36 år.

Høgste målte fart stod en 20-åring for. Han fekk fengselsstraff etter at han vart avfotografert i 193 km/t.

Blant dei 10 verstingane i Sogn og Fjordane finn ein berre éi kvinne, ein 18-åring som køyrde i 134 kilometer i timen i Gudvangatunnelen.

De ti verste fotoboksavsløringene i Sogn og Fjordane politidistrikt

Sted

Hastighet

Fartsgrense

Over fartsgrensa

Kjønn

Alder

E16 Lærdalstunnelen

193

80

113

Mann

20

E16 Lærdalstunnelen

190

80

110

Mann

25

E16 Lærdalstunnelen

151

80

71

Mann

20

Naustdal

143

80

63

Mann

36

E16 Lærdalstunnelen

135

80

55

Mann

23

Rv 5 Fodnes

135

80

55

Mann

31

E16 Gudvangen

134

80

54

Kvinne

18

E16 Lærdalstunnelen

132

80

52

Mann

27

E16 Lærdalstunnelen

130

80

50

Mann

31

E16 Lærdalstunnelen

130

80

50

Mann

21

Ekspander/minimer faktaboks

Aukar farten mellom boksane

Nordanger i Utrykkingspolitiet er ikkje overraska over tala.

– Vårt inntrykk er at det er eit veldig høgt fartsnivå i Lærdalstunnelen. Vi registrerer at fotoboksane gjer sin misjon nesten kvar dag. Dei tek mange. Men så er det ein del som trass i fotoboksane køyrer monaleg over fartsgrensa mellom boksane. Det er urovekkjande, seier han.

At det er unge menn som er verstingane bak rattet samsvarar med ulykkesstatistikken.

– Det er svært ofte unge menn frå 20 år og oppover som køyrer fort. Frå ulykkesstatistikken over hardt skadde og drepne ser vi at det er unge menn i alderen 16 til 26. Desse er nok litt eldre, men det er i same kategori.

Laser og sivile patruljar

Lærdalstunnelen mellom Lærdal og Aurland opna for trafikk i 2000. Heilt sidan opninga har den vore utstyrt med tre fotoboksar i kvar køyreretning. Likevel ser det ut til at folk stadig blir knipsa i tunnelen, og ikkje minst er farten høg mellom dei fastmonterte boksane.

– Det er nok ei oppfatning av at når ein har passert fotoboksane, så er det fritt fram. Men så enkelt er det ikkje. Vi har tidvis kontrollar der inne med laser, og vi har også sivile køyretøy som overvakar tunnelane på Vestlandet. Når vi er inne i desse tunnelane avdekkjer vi kvar gong høge fartsoverskridingar, fortel Nordanger.

Han er rysta ovar dei verste tilfella.

– På den andre sida veit vi at tunnelar er blant den tryggaste delen av vegnettet vårt, så ein skal ikkje ta heilt av. Men det er nokre der inne som utgjer ein stor fare for seg sjølv og ikkje minst for andre vegfarande.

Tek att tapt tid i tunnelane

UP-sjefen ser ikkje bort frå at flotte tunnelstrekker blir etappar der ein tek att tapt tid, til dømes på vinterstid når det er trasig snøføre ute i dagen.

– Vi har utsegner frå bilistar, spesielt dei som køyrer langt mellom Bergen og Oslo, som seier at på vegen har det vore dårleg føre. Dei har mista tid og skal ta det att.

Men også dei lokale kan gi gass, viser erfaringane frå UP-patruljane.

– Vanlegvis på E16 så er det dei som køyrer langt, men vi har også avdekt at det finst lokale som køyrer høgt over fartsgrensa, men då mellom fartsboksane.

Trur på snittmåling

– Korleis kan ein hindre desse fartsoverskridingane?

– Vi vil halde fram den kontrollverksemda vi har, og politidistrikta held fram med sine fotoboks-kontrollar, erklærer Nordanger.

Han ser ikkje bort frå at fotoboksar med ny teknologi som tek gjennomsnittsmåling over lengre avstander, kunne ha verka preventivt.

– Det er ikkje umogleg at det kan vere ein del av løysinga på ein del av problemet. Men så langt er det berre prøveprosjekt rundt om i landet, så vi får vente og sjå.

I mellomtida har UP-sjefen på Vestlandet éi klar oppmoding til bilistane:

– Køyr forsiktig. Det skal utruleg lite til for at ein blir skadd eller drepen. Vi har hatt altfor mange dødsulykker på Vestlandet i 2010.