Dei to vestlandsfylka Sogn og Fjordane og Hordaland har seks vinteropne fjellovergangar mellom vest og aust. Men kor ofte dei ulike fjellovergangane er stengde, eller har kolonnekøyring, varierer sterkt.
Filefjell og Hemsedalsfjellet toppar
Bergens Tidende har saman med Statens vegvesen gått gjennom statistikk heilt tilbake til 1995 for å sjå kva fjellovergang som er oftast stengt. Og dommen er klar: Risikoen for å møte på raudt lys og nedfellt bom er størst på riksveg 7 over Hardangervidda.
Best sjanse til å komme over fjellet når uvêret herjar, er det på E16 frå Lærdal til Valdres over Filefjell. Deretter følgjer riksveg 52 over Hemsedalsfjellet frå Lærdal til Hallingdal, etterfølgt av riksveg 15 over Strynefjellet.
Fv. 50 mest stengd i Sogn og Fjordane
Men på Hemsedalsfjellet er sjansen for kolonnekøyring langt større enn på til dømes Strynefjellet, sjølv om fjellovergangen sjeldnare blir heilt stengd.
Av fjellovergangane i Sogn og Fjordane kjem fylkesveg 50 Aurland - Hol klart dårlegast ut. Vegen er i snitt stengd 286 timar kvart år, og har kolonnekøyring 138 timar.
Hardangervidda skil seg ut
Ser ein på Vestlandet under eitt, er det likevel riksveg 7 over Hardangervidda som skil seg ut. Vegen som med knapp margin er den kortaste mellom Bergen og Oslo, er i snitt stengd for trafikk 361 timar kvar år og har 519 timar med kolonnekøyring.
Kolonnekøyring er det ofte også på den sørlegaste av fjellovergangane, E134 over Haukelifjell. I snitt må ein ty til kolonne 379 timar kvart år.
Slik er statistikken:
- E16 Filefjell:
Stengd: 18 timar
Kolonne: 29 timar - Rv. 52 Hemsedalsfjellet:
Stengd: 39 timar
Kolonne: 124 timar - Rv. 15 Strynfjellet:
Stengd: 55 timar
Kolonne: 26 timar - Fv. 50 Aurland - Hol:
Stengd: 286 timar
Kolonne: 138 timar - Rv. 7 Hardangervidda:
Stengd: 361 timar
Kolonne: 519 timar - E134 Haukelifjell:
Stengd: 70 timar
Kolonne: 379 timar
Tala gjeld årleg snitt i perioden 1995 - 2005. Kjelde: Statens vegvesen/Bergens Tidende. Sognefjellet som er vinterstengd, og fjellovergangar som Gaularfjell og Vikafjellet er ikkje omfatta av undersøkinga.