Hopp til innhold

Møter aksjonsleiar i Volda

Helseministeren Anne-Grete Strøm-Erichsen takka først nei til å delta på nordfjordingane sin juleaksjon for lokalsjukehusa. No har helseministeren sagt ja til å møte aksjonsleiaren.

Anne-Grethe Strøm-Erichsen

TIL VOLDA: Helseminister Anne Grethe Strøm-Erichsen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Janne Endal Andersson

AKSJONERER: Småbarnsmor Janne Endal Andersson har fått med seg foreldre og born til aksjon for lokalsjukehusa.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

Måndag har 600 personar meldt si deltaking på ein aksjon til støtte for lokalsjukehusa. I sju tettstader i Nordfjord skal foreldre og småborn syngje Sunnfjord-diktaren Jacob Sande sin landskjende julesong «Det lyser i stille grender».

Då aksjonistane fekk vite at helse- og omsorgsministeren (Ap) same dag gjestar Volda, inveterte dei Strøm-Erichsen sør om fjorden. Men statsråden takk pent nei og viste til at det ikkje vart tid til noko Nordfjord-besøk.

Men initiativtakar Janne Endal Anderson visste råd. Ho inviterte seg sjølv til eit møte med statsråden i Volda. Her vil ho overrekkje sju kvite lys til Strøm-Erichsen.

– Denne førespurnaden har vi takka ja til, opplyser politisk rådgjevar Tord Dale.

Statsråden skal også innom Ålesund under sitt sunnmørsbesøk.