Hopp til innhold

Kripos: - Ikkje noko kriminelt

Kripos har i ettermiddag kome til Sandane etter dødsbrannen i natt. Førebelse undersøkingar gjer at Kripos ikkje har mistanke om at det har skjedd noko kriminelt.

Kripos på plass på Sandane

KRIPOS PÅ PLASS: Politiet på Sandane får bistand frå Kripos til å finne brannårsaka etter dødsbrannen natt til tysdag.

Foto: Hilde Zahl / NRK

- To etterforskarar frå Kripos er no kome til staden der dei vil gjere tekniske undersøkingar, seier NRK sin reporter Hilde Zahl som er på staden.

Ein person omkom

Det var like før klokka 02.00 natt til tysdag at politiet fekk melding om brann i eit hybelhus i Sandane sentrum.

Ein 14 år gamal gut omkom i brannen og ei 16 år gamal jente ligg skadd på sjukehus etter at ho måtte hoppe ut frå eit vindauge for å redde seg frå brannen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann på Sandane

OMKOM: Ein person omkom i brannen som starta i eit hybelhus i sentrum av Sandane.

Foto: Per Svein Reed

Veit meir om brannårsaka onsdag

Årsaka til brannen er endå ikkje kjent, men politiet får i ettermiddag bistand frå Kripos i dette arbeidet.

Like før klokka 15.30 i ettermiddag gjekk politiet inn i brannbustaden for å gjere sine tekniske undersøkingar.

- Vi har førebels ingen tankar om kva som kan ha skjedd, seier lensmann i Gloppen Nils Ove Roset til NRK.

Han seier dei no vil arbeide utover kvelden saman med dei to etterforskarane frå Kripos.

- Eg kan ikkje seie noko om kor tid vi kan seie kva som er årsaka til brannen. Det vi kan seie er at det er ingenting som tyder på at noko kriminelt har skjedd, seier Roset.

Har funne husvære til bebuarane

Gloppen kommune har i løpet av tysdag funne alternativ bustad til bebuarane som i natt vart huslause i hybelhusbrannen på Sandane i natt.

Helse og sosialsjef Ragnhild Eimhjellen seier det er ei tragisk sak for kommunen, men er glad for at alle bebuarane i hybelhuset no er sikra bustad.

- I dag er dei fleste innlosjerte på hotellet, medan nokre framleis er på sjukehus og nokre er med vener. Vi har og funne eit hus der alle saman kan flytte inn seinare, seier Eimhjellen til NRK.no.