Hopp til innhold

Tek fleire vogntog i arrest

Politiet må fleire gonger gjennom vinteren ta vogntog i arrest fordi dei utgjer ein trugsel for andre trafikantar.

Vogntog sperrer vegen

VANLEG SYN: Politiet må kvar veke ta vogntog i arrest fordi dei ikkje er skikkeleg skodd. Bøtene kjem over 10 000 krober. Arkivfoto.

Foto: Terje Gilleshammer

- Dei utgjer ein trugsel for andre bilistar, seier operasjonsleiar Hans Petter Harlem ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Farleg og dyrt

Svensk vogntog sperrar vegen i Sogndalsdalen.

OVER GRENSA: Fleire meiner det bør vere strengare kontroll med vogntog som kjem over grensa til Norge,og då spesielt vinterstid.

Foto: MMS-tipsar

Vogntog som står fast på vegane i Sogn og Fjordane fører kvar veke til at politiet må taue inn trailerane og ta dei i arrest. Dette er dyrt for politiet, og tek opp ressursar dei gjerne vil bruke til andre ting.

- Dei utgjer eit stort problem for oss, og vi har slike saker fleire gonger i veka. Slik kan vi ikkje ha det, seier Harlem.

Tek bilane i arrest

Det er vanlegvis utanlandske vogntog som får problem på fjellovergangane inn til Sogn og Fjordane.

Vinterstid er dette eit så stort problem for politiet, at dei ikkje har noko anna val enn å dele ut kraftige bøter - og rett og slett ta vogntoget i arrest til eigaren betaler bota.

For det er førar av vogntoget som har ansvar for at bilen er skikka for norske forhold.

Står i fleire dagar

Dette vogntoget sperrar vegen i Stigedalen

KØ: Det vert ofte kø på vegane når vogntoga ikkje kjem seg fram. Snø og isdekte vegar er årsaka.

Foto: NRK

Tysdag står eit vogntog fast på fylkesveg 614 mellom Grov og Svelgen. Det køyrde seg fast måndag kveld, men sjåføren har ikkje kome seg av staden.

Politiet reiste ut til staden tysdag føremiddag for å sjekke vogntoget. Det heile enda med at politiet oppretta sak på sjåføren.

- Føraren av semitraileren hadde ikkje skodd seg skikkeleg i forhold til kva føre som er ute no, seier politiet.

Det heile enda med at ordensmakta måtte tinge tungbilbergar for å få fjerna vogntoget.

Melder ikkje frå

- Ofte er det slik at sjåføren ikkje melder frå til oss om at dei står fast. Vi får gjerne tips frå publikum som køyrer forbi eller som vert ståande fast på grunn av at vogntoget sperrar vegen, seier Ketil Molvær i Statens vegvesen.

Om ein køyrer seg fast har ein ansvaret for å informere om det for å unngå at trafikkfarlege situasjonar for andre bilistar. I tillegg må sjåføren sjølv syte for at bilberging kjem til staden.

- Det gjer sjåførane av vogntoga svært sjeldan. Då vert det til slutt ei politisak, seier Molvær.

10 000 i bøter

Vogntog med problem i Stigedalen.

MANGLAR KJETTING: Ofte er det kjettingar som er mangelen når vogntoga siglar på islagte norske vegar.

Foto: Privat

Men politiet kan ikkje gjere anna enn å reise ut til det aktuelle vogntoget, snakke med sjåføren og syte for at ingen andre vert skadelidande på grunn av traileren.

- Bøtene er høge, gjerne over 10 000 kroner. Og det taper eigaren og sjåføren pengar på. Så bilane er ofte ute av arresten etter nokre timar. Men det verkar ikkje som at det fungerer som ei åtvaring på andre som driv i bransjen, seier Harlem.

Av og til prøver sjåførane å strø rundt bilen for å sjå om dei kan klare å kome seg avgarde. Men oftast er dei avhengige av hjelp frå andre.

- Grovt uaktsomt

- Det er til stor sjenanse for andre bilistar. Men det er ikkje mykje vi kan gjere, seier Molvær i Vegvesenet.

Ifølgje vegtrafikklova paragraf 31, jamf. paragraf 13 skal alle køyrety ha tilstrekkeleg veggrep, og det er førar sitt ansvar å syte for dette.

- Det er grovt uaktsamt om føraren av eit vogntog som står fast ikkje har sikra seg skikkeleg, seier operasjonsleiaren hjå politiet.

Har ansvaret

Vogntog på riksveg 50

LITE Å GJERE: Vegvesenet har ikkje mykje dei kan gjere når vogntoga står fast. Ofte vert det ei poltisak.

Foto: NRK-tipsar

Molvær ved operasjonssentralen til Statens vegvesen i Lærdal, seier dei ikkje kan gjere stort i slike saker.

- Det er fri konkurranse, og varene skal fram. Men er ein seriøs i den bransjen syter ein for tryggleiken til sjåførane og andre bilistar. Det er ikkje offentlegheita sitt ansvar, seier Molvær.