26.05.2012

Vetti til Årdal FK

Øystein Vetti er på veg frå Sogndal til 2. divisjonsspel med Årdal fotballklubb.

- Laga er nær ein utlånsavtale for komande sesong, seier sportsleg leiar Anders Giske.

Øystein Vetti har har spelt åtte A-kampar for Sogndal etter overgangen frå Jølster i 2004. Vetti har kontrakt med Sogndal Fotball ut 2007, og utleigeavtalen med Årdal FK gjeld sesongen 2006. Det høyrer med til historia at han har slektsrøter i Årdal.