26.05.2012

Stein trefte bil - kvinne skadd

Ein kvinne vart skadd etter at ein stein losna frå Fodnestunnelen i Lærdal tysdag føremiddag.

Steinen traff frontruta på ein bil. Passasjeren i bilen er no sendt til Lærdal sjukehus.

Fodnestunnelen er no opna att etter at folk frå Statens vegvesen har undersøkt fjellveggen. I følgje politiet skal det ikkje vere fare for at det kjem fleire steinar.