Hopp til innhold

Sjå dei beste klatrarane i landet

NM i klatring byr på imponerande opplevingar i Sogndal laurdag.

Følg meisterskapet direkte i nett-tv.

Video NM i klatring

VIDEO: NM i klatring vert overført direkte frå klokka 10 laurdag.

Alt ligg til rette for imponerande prestasjonar når dei beste klatrarane i landet kjem til Sogndal i helga. Der skal dei bryne seg på ein 18 meter høg klatrevegg med overheng. Det er duka for NM i klatring.

Alle kan sjå

Meisterskapet går føre seg i Sognehallen laurdag. Dei innleiande rundene startar klokka 10:00. Finalen byrjar klokka 17:00.

– Vi håpar flest mogleg møter opp for å sjå på både kvalifisering og finale, seier president i Noregs klatreforbund Ole Karsten Birkeland.

Er du ikkje i nærleiken av Sogndal, kan du sjå meisterskapet direkte i nett-tv på nrk.no/sf. Overføringa startar samstundes med kvalifiseringa klokka 10:00.

Høyr Ole Karsten Birkeland bli intervjua av Birger Meland :

Ta i taket

Video Klatrebygda Sogndal

Ragnhild Eriksrud er gullkandidat under klatre-NM i helga.

Presidenten fortel at konkurransen handlar om å koma høgast opp i klatreveggen. Deltakarane har åtte minutt som tidsfrist.

Birkeland seier tida sjeldan er eit hinder:

– Det er så bratt og tungt å klatre. Som regel dett folk ned lenge før dei åtte minutta har gått, fortel Birkeland.

Den beste klatraren vinn ein kongepokal ved sidan av NM-tittel.

Lokale håp

Det er om lag 55 påmeldte til NM, og deltakarane kjem frå heile Noreg. Dei skal gyve laus på den 18 meter høge klatreveggen med 16 meter overheng.

Fleire lokale klatrarar skal delta, og Birkeland meiner nokre av medaljane kan bli verande i fylket.

Ekstra spanande i år er at to unge talent frå Sogndal er gullkandidatar i kvar si juniorklasse. Både Ragnhild Eriksrud og Anders Farestveit går ei spanande helg i møte.

– Ein kan heie så mykje ein berre vil, og det er god plass i hallen, oppfordrar presidenten i Noregs klatreforbund.