26.05.2012

Dronninga: – Skulle ønskje eg kunne gå på skule igjen

Dronningsbesøket i Sogndal

  • DELTE UT PRIS: Dronning Sonja delte ut sin eigen skulepris til Kaupanger skule.
  • SKULEUNGAR: Elevane på Kaupanger skule stod klare då dronninga kom til Sogndal torsdag føremiddag.
  • SPESIELT: Det er ikkje kvar dag ein får kongeleg besøk på skulen.
  • VAKTHALD: Det var mykje politi under dronningbesøket.
  • FOLKSAMT: Mange hadde møtt fram for å sjå Dronning Sonja.
  • UNDERHALDNING: Dronning Sonja vart underhalden av elevane ved Kaupanger skule.
  • FEKK PRIS: Kaupanger skule fekk skulepris av dronninga.
  • STOLT: Rektor Geir Navarsete var stolt av å få prisen.
  • STORFINT BESØK: Liv Signe Navarsete og Kristin Halvorsen var med Dronning Sonja på Kaupanger skule.
  • MAT: Her er maten som dronninga og dei andre gjestane fekk å spise.

Dronninga meiner miljøet ved norske skular er mykje betre no enn då eg gjekk på skule. I føremiddag delte ho ut sin eigen skulepris til Kaupanger skule.

– Miljøet ved norske skular er mykje betre no enn då eg gjekk på skule, sa Dronninga Sonja då ho delte ut pris til Kaupanger skule i dag.

Dronninga skulle ønskt at ho fekk byrje på skulen i dag, og ikkje på 1940-talet.

– Mykje betre før

– Eg har gått på skule i mange år, men eg skulle ønskje er kunne begynne om igjen, seier dronning Sonja til NRK.no.

– Så det er mykje betre no enn når du gjekk på skule?

– Ja, ja, ja. Det kan ikkje samanliknast. Det var hyggeleg når eg gjekk på skule også, men det er noko heilt anna i dag, svarar dronninga.

Dronninga delte ut pris

Dronninga vart møtt av rektor Geir Navarsete, FAU-leiar Jorunn Kristin Aa Albretsen og elevrådsleiar David Wefring Osen i tillegg til alle skuleelevane på Kaupanger skule.

Skulen får prisen for å ha utmerka seg med godt skulemiljø og ein kultur som tek vare på den enkelte elev.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dronningsbesøket i Sogndal (Foto: Ole Ramshus Sælthun/NRK)

BETRE FØR: Dronning Sonja skulle ønskje ho kunne begynne på skule igjen.

Foto: Ole Ramshus Sælthun/NRK

Stor dag for kommunalministeren

Også kommunalminister Liv Signe Navarsete og kunnskapsminister Kristin Halvorsen var til stades då Kaupanger skule fekk dronninga sin skulepris.

Det er ein stor dag for kommunalsministeren, for ho sat i skulestyret som leiar då skulen gjekk inn på den gode vegen.

– Geir Navarsete vart rektor då og utmerka seg og vart ein positiv og aktiv medspelar i det å utvikle skulen. Så eg synst det er heilt fantastisk å få komme hit saman med Kristin, og vere med på utdelinga, seier Navarsete.

– Stor oppmuntring

Halvorsen meiner ein slik pris betyr mykje, og at dei som får ein slik pris har all grunn til å vere stolte.

– Dette er ei stor oppmuntring til skular som jobbar godt med læringsmiljø, seier Halvorsen.

  • Høyr saka om dronninga som ville gått på skule i dag:
Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.