Hopp til innhold

Steinar rasa rett ned i vegbana

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Berdalstunnelen på riksveg 50 mellom Hol og Aurland var laurdag føremiddag stengd som følgje av ras.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I 09.30-tida laurdag losna par-tre kubikk stein frå tunneltaket. Det var ein bilist som melde frå om det til vegmeldingssentralen.

Vegen vart opna att i klokka 1410. Ingen personar vart skadde i raset.

Vegmeldingssentralen opplyser at ein inspektør har vore på staden og vurdert rasfaren.

Det er ikkje første gong det rasar i Berdalstunnelen. For tre år sidan rasa det ut store mengder steinmasser frå tunnelveggen .