Hopp til innhold

Krev stans i ureining på skipsverft

Fylkesmannen vil stanse eller avgrense ureining frå verftsområdet.

STX Norway i Florø

KREV MINDRE UTSLEPP: STX i Florø er eitt av verfta som må lage plan for mindre forureining.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Mange skipsverft, eller eigarar av område der det tidlegare har vore skipsverft, får i desse dagar pålegg om å utarbeide ein plan med konkrete tiltak for å stanse eller avgrense ureining frå verftsområdet.

Fire verft i fylket

I samarbeid med fylkesmennene har Klima- og forureiningsdirektoratet tidlegare prioritert 109 verftsområde i heile landet der ureiningssituasjonen skulle kartleggast og tiltak for opprydding vurderast.

STX Norway Florø AS, Ankerløkken Eigedom AS og Solund Verft AS gjennomførte i 2008 og 2009 kartleggingar av ureiningssituasjonen i grunnen på verftsområda og i sedimenta utafor.

Blaalid AS har frist til nyttår med å kartlegge ureiningssituasjonen ved verftet på Raudeberg.

Frist til 2011

Med bakgrunn i dei gjennomførte kartleggingane har Ankerløkken Eigedom AS og Solund Verft AS no fått pålegg frå Fylkesmannen om å utarbeide ein plan for aktuelle tiltak i ureina grunn på verftsområda.

STX Norway Florø AS skal gjennomføre fleire undersøkingar på sjøbotn utafor verftsområdet. Dersom desse undersøkingane konkluderer med at det er behov for tiltak, skal det utarbeidast ein plan for dette.

Fristen for utarbeiding av tiltaksplanane er september 2011.