Hopp til innhold

Jordmor trur kampen er tapt

Jordmor Rigmor Cruickshank, som har kjempa for fødetilbodet i Indre Sogn, fryktar kampen er tapt.

Jordmor Rigmor Cruickshank

TAPT: Jordmor Rigmor Cruickshank trur fødetilboda blir lagt ned, men vil ikkje gi opp kampen.

– Eg trur ikkje ein kan forvente noko anna av Helse Vest enn at også dei vil legge ned fødetilboda på lokalsjukehusa, seier Cruickshank til NRK.no.

I dag la administrasjonen i Helse Vest fram si tilråding til styret i regionføretaket, og dei går inn for å legge ned fødetilbodet både i Lærdal og på Nordfjordeied.

Håpar politikarane grip inn

Tidlegare i haust gjekk styret i Helse Førde inn for å legge ned fødetilboda på lokalsjukehusa i fylket.

No er det opp til styret i Helse Vest, som har det siste ordet, å bestemme kva som skal skje med fødetilbodet. Dei skal ha møte onsdag neste veke.

– Vårt siste håp er at Stortinget og regjeringa set foten ned og gjer noko, seier Cruickshank.

Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus

VIL LEGGE NED: Også administrasjonen i Helse Vest vil legge ned fødetilboda ved lokalsjukehusa.

Foto: NRK

Gir ikkje opp kampen

Cruickshank, som er frå Årdal, har i mange år kjempa for å oppretthalde fødetilbodet i Indre Sogn.

– Det endelege vedtaket blir fatta neste onsdag i styremøtet i Helse Vest. Har du ikkje tru på at det er råd å få ei anna avgjerd der enn administrasjonen si innstilling?

– Nei, det har eg ikkje, svarar ho.

Ho vil ikkje gi opp enno, og fortel at kampen for fødetilbodet vil og må halde fram.