Hopp til innhold

Legg ned føden i Eid og i Lærdal

Administrasjonen i Helse Vest føreslår å leggje ned fødetilbodet i Eid.

Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus

LAGT NED: Fødetilbodet i Eid og i Lærdal vert lagt ned om styret i Helse Vest går for forslaget til administrasjonen.

Foto: NRK

I dag kom innstillinga til administrasjonen i Helse Vest om kva dei meiner bør skje med sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane.

Legg ned i Eid og Lærdal

Det har lenge vore spent stemning om kva tilbod lokalsjukehusa i Eid og i Lærdal skal ha.

I papira som styret i Helse Vest har fått i dag, går det fram at administrasjonen føreslår å leggje ned fødetilbodet i Eid og Lærdal.

- Konklusjonen når det gjeld fødetilbodet i Eid er at vi går for eit samarbeid med Helse Midt og Helse Sunnmøre om ei fødeavdeling i Volda. Dei fødande som er lengst nord i Sogn og Fjordane får eit tilbod knytta til Volda. Og så seier vi at om kommunane og Helse Førde vil det, kan det vere rom for å diskutere ei jordmorstyrt fødestove, seier administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilssen.

Skil seg frå Helse Førde

Styremøte Helse Vest

1.DESEMBER: Styremøte i Helse Vest der saka skal bli behandla er 1.desember.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

Når det gjeld Lærdal, seier han den forsterka fødestova dei har vil bli avvikla.

¨- Det vert ikkje fødetilbod i Lærdal. Men det vert etablert ein poliklinikk knytt opp til dei fødande, seier direktøren.

- Er dette forslaget i samsvar med det Helse Førde vil?

- Det er ein vesentleg forskjel. Vi går for ei felles fødeavdeling i Volda. Det låg ikkje inne i Helse Førde sin modell.

Skal vidareførast

Helseministeren møtte også pasientar ved Lærdal sjukehus.

MINISTEREN: Helseministeren har møtt pasientar ved Lærdal sjukehus

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

- Kva skal denne poliklinikken vere?

- Det er knytt opp til dei fødande, og vert ikkje ei kvinneavdeling.

I papira som styret i Helse Vest har fått i ettermiddag, står det også at det meste av det indremedisinske tilbodet på lokalsjukehusa skal vidareførast.

LES OGSÅ:

- Det betyr at omlag 80 prosent av pasientane som i dag får tilbod framleis vil ha det i framtida også om styret i Helse Vest går for denne tilrådinga, seier Nilssen.

Han meiner lokalsjukehusa i all hovudsak vil bli vidareførte slik dei er i dag.

Same bemanning

Nordfjord-ordførarar i diskusjon med Helse Vest

KJEMPA: Nordfjord-ordførarar i diskusjon med Helse Vest

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

- Kommunane har vore opptekne av akuttberedskapen og tilbodet rundt dette. Kva meiner administrasjonen i Helse Vest bør skje der?

- Det er litt vanskeleg å svare heilt presist på. Då vi hadde møte med kommunane i Nordfjord, hadde dei også vanskar med å seie kva dei meiner som ligg i akuttmedisinsk tilbod. Vi har lagt opp til at det skal vere det same som det er i dag med nokre justeringar.

I Lærdal meiner administrasjonen at ortopeditilbodet inntil vidare skal vere slik det er i dag.

- I den saka følgjer vi eigentleg tilrådinga til Helse Førde, altså ei samling av ortopedien i Førde. Men i ein overgangsperiode vil den liggje i Lærdal.

Modell 2

Lærdal sjukehus

MISTER TILBOD: Sjukehuset i Lærdal mister fødetilbodet sitt.

Foto: unknown / NRK

- Er det store avvik i den modellen de legg fram no i forhold til den modellen Helse Førde gjekk for?

- Det som ligg i modellen som no er lagt fram til styret i Helse Vest ligg nok ganske tett på det administrasjonen i Helse Førde hadde som modell 2.

- Kva betyr forslaget for bemannninga?

- Eg har litt vanskar med å vere presis når vi snakkar om talet på årsverk. Men det eg kan seie er at bemanninga på arbeidsplassane vil bli vidareført. Vi har ville lage ein modell som er berekraftig på økonomi og fagutvikling. Vi vil også at det skal vere mogleg å rekruttere folk til helseføretaket. Dei må vere berekraftige institusjonar i framtida, seier Nilssen.

Skal leve med tilbodet

Nordfjord Sjukehus

MISTER TILBOD: Sjukehuset i Eid mister fødetilbodet sitt.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Det som administrasjonen no har lagt fram som sak til styret i Helse Vest skal vere berekraftig økonomisk.

- Ein skal kunne leve med dette.

- Er du trygg på at forslaget dykkar er i samsvar med eigar?

- No får departementet og statsråd vurdere korleis dei vil ta stilling til saka når styret i Helse Vest har handsama den. Eg meiner vi har teke omsyn til alle politiske føringar.

Møte 1.desember

Styreleiar i Helse Vest Oddvar Nilsen vil ikkje kommentere saka i dag. Han seier han treng nokre dagar for å setje seg inn i saka og vil difor ikkje uttale seg.

Styret i Helse Vest skal ha møte 1. desember.